Lyslikning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lyslikning eller lystid er den tida lyset bruker på å tilbakeleggje strekninga frå ein himmellekam til jorda. På grunn av jordrørsla om sola vekslar avstanden mellom observatøren og ein himmellekam periodisk, slik at lyset snart bruker lengre, snart kortare tid. Tidsoppføringar for lysveksling av kortperiodiske variable stjerner må til dømes derfor korrigerast for variasjon i lyslikninga. Den forbetra tida vert kalla heliosentrisk tid.

Ole Rømer viste i 1676 at periodiske avvik frå utrekningar av tidspunkt for formørkingar av Jupitermånane måtte skuldast at lysfarten ikkje er uendeleg, som ein tidlegare hadde meint, men at det brukar ei endeleg tid tid på å flytte seg frå eit punkt til eit anna. Han rekna ut at lyset tilbakelegg ein midlare jordbaneradius på kring 11 minutt. Den rette verdien er 8 minutt og 19 sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]