Lysstoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lysstoff er fluorescerande, uorganisk stoff som strålar med synleg lys når det vert treft av ultrafiolett stråling. Det vert nytta på innsida av glaset i lysrøyr. Fargen i det utstrålte lyset kan varierast ved val av lysstoff. Som lysstoff nyttar ein vanlegvis silikat, borat og wolframat av mellom anna sink, kalsium og kadmium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

lysstoff. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/lysstoff