Lysterbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lysterfæring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lysterbåt eller Lystring er fellesnemnar for båtar som har likskap med listerbåten. På slutten av 1800-talet vart det på Vestlandet utvikla bruksbåtar som bygde på konstruksjonen til listerbåten. I Hardanger og Nordmøre gjekk ein vekk frå hogde halsar. På Sunnmøre gjekk ein vekk frå snedbygging, og bygde med heile bordgangar. I Hardanger bygde ein hardingar. På Sunnmøre bygde ein møringar. Frå Nordmøre og nordover brukte ein nemninga lystring på båtane som var inspirert av listerbåten. Dei første båtane av den nye typen var likare gamlebåtane enn dei som vart bygde seinare.

Lystringane vart rigga med lyster-rigg, som oftast gaffelrigg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]