Lyzja
Lyzja | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 620 km² | ||
Lengd | 223 km | ||
Munning | Petsjora | ||
![]() Lyzja |
Lyzja (russisk Лыжа) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.
Ho er 223 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 620 km². Ho frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i månadsskiftet april - mai.
Dei største sideelvane hennar er Vadma frå venstre og Sigavej frå høgre.
Lyzja renn gjennom eit aude område i regionen Petsjorskaja grjada. Breidda av elva er særs myrlendt. Elva renn sakte og er særs svingete. Fleire små sideelva renn ut i Lyzja frå åsane langs Petsjora-ryggen.
Ved munningen i Petsjora ligg landsbyen Ust-Lyzja.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Лыжа (река)» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.