Læsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Læsø
Østerbyhavn på Læsø
Østerbyhavn på Læsø
Geografi
Stad Kattegat
Koordinatar 54°47′N 11°06′E

Areal 114 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Læsø kommune
Største busetnad Byrum

Demografi
Folketal 2 058 (2007)
Folketettleik 18 /km²

Læsø er den største øya i Kattegat. Øya ligg om lag halvvegs mellom Frederikshavn og Göteborg, ca 19 km frå nordvestkysten på Jylland og høyrer til Læsø kommune i Danmark. Øya og kommunen har eit areal på 114 km² og 2 058 innbyggjarar (2007). Senteret på øya og i kommunen er byen Byrum.

Læsø er knytt til fastlandet med ferje mellom Frederikshavn på Jylland og Vesterø Havn på Læsø. Øya har òg ein liten flyplass med samband til Anholt og Roskilde.

Saman med Anholt høyrer Læsø til det danske «ørkenbeltet». Om sommaren regnar det så lite på øya at bekkar og småvatn delvis tørkar inn.

På Læsø gjekk gardane før i tida i arv til kvinnene, fordi mennene levde av å segle. Noko tilsvarande hadde ein på øya Lésvos i Hellas.

Læsø sin gamle gardar er kjend for sine særprega tangtak.

Grunnvatnet på Læsø har stundom opp mot 15 % salt, og saltet samlar seg naturleg i flate salt-enger på varme sommardagar. Saltet vart utvunne ved damping i hundrevis av saltsyderier, med trevirke som brensel. Trehogsten førte etter kvart til at øya vart avskoga. Sandstormer gravla landsbyar på øya, og saltutvinninga vart forbode i 1652. Men sidan slutten på 1980-talet har saltutvinninga starta opp igjen i liten skala, som arkeologisk forsking og turistattraksjon. Saltet har vorte svært populært, og vert no seld for høge prisar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]