Mário Zagallo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mário Zagallo
Zagallo and Lula and Parreira (cropped).jpg
Fødd 9. august 1931
Maceió
Mário Zagallo på Commons

Mário Jorge Lobo Zagallo (fødd 9. august 1931) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Maceió. Han vart verdsmeister med Brasil 1958 og 1962 og førte som landslagssjef Brasil til VM-triumf i 1970 og VM-finale i 1998. Zagallo og Franz Beckenbauer er dei einaste som har vunne VM i fotball både som spelar og som landslagssjef.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Zagallo spelte heile tida på klubbar frå Rio de Janeiro. Etter to år år i mindre kjende América, 1049-50, var han frå 1951 til 1958 aktiv i storklubben Flamengo. Med Flamengo vart han delstatsmeister tre år på rad, 1953-55. Sommaren 1956 fylgde han laget på ein turne til Europa, der Flamengo mellom anna spelte mot bylag frå Oslo og Bergen. Til sist som aktiv gjorde Zagallo i sju år teneste i Botafogo, der han mellom andre fekk spelarar som Garrincha, Nílton Santos og Amarildo Tavaraes til lagkameratar. Med Botafogo vann Zagallo både delstatsmeisterskapen og Rio-São Paulo-turneringa ved to høve.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brasil sitt vinnarlag i VM 1958, Zagallo nr. to frå høgre i fremste rekke

Zagallo kom ikkje på det brasilianske landslaget før enn 1958. Både under Fotball-VM 1958 i Sverige og VM 1962 i Chile tok han plass på venstrevengen i finalane mot høvesvis Sverige og Tsjekkoslovakia. I tida fram til 1964 spelte han 33 landskampar og skåra fem mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1958 og 1962 for Brasil
  • Delstatsmeister i Rio de Janeiro: 1953, 1954, 1955, 1961, 1962
  • Vinnar av Torneio Rio-São Paulo: 1962, 1964

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Zagallo var i fleire periodar trenar for Flamengo, Botafogo og elles mange mange andre klubblag, mellom dei Vasco da Gama. Mest kjend er han som landslagssjef for Brasil sitt vinnarlag i VM i fotball 1970 og det laget som nådde VM-finalen under verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. Han har også vore landslagssjef for tre oljerike arabarland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]