Mários Tofí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mários Tofí
MariosTofiGoldenStag2009.jpg
Fødd24. februar 1990
FødestadAten i Hellas
OpphavKypros
Aktiv1999–i dag
SjangerPop, R&B, dansepop og softrock
InstrumentVokal, piano, gitar, tenorsaksofon, tromme og perkusjon
Verka somSongar, låtskrivar, dansar og modell

Mários Tofí[a] (fødd 24. februar 1990 i Aten) er ein gresk-kypriotisk songar, låtskrivar, dansar og modell. Tofí har kypriotiske foreldre, og har budd i AmmókhostosKypros sidan han var fem år. Sidan åtteårsalderen har han syna ein interesse og lidenskap for musikk, song og dans. Han har fått stor musikalsk utdanning frå starten, og han har studert piano, tenorsaksofon, musikkteori og teke vokalkurs. Tofí har òg studert klassisk ballett, latin og Flamenco i sju år. Han pratar gresk og engelsk og studerer spansk- og fransk-leksjonar. Han syng på gresk, engelsk, spansk, italiensk, fransk og andre språk. Tofí har sunge på mange konsertar og festivalar i land som Storbritannia, Latvia, Litauen, Bulgaria, Polen, Spania, Italia, Malta, Noreg, Estland, Makedonia, Tsjekkia, Kviterussland, Tyskland, Romania, Hellas og Kypros. Han har òg samarbeida med greske, kypriotiske og europeiske songarar på konsertar og direktesendte fjernsynsprogram i fleire land.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Junior Eurovision Song Contest 2004[endre | endre wikiteksten]

7. september 2004 vart Tofí valt ut mellom 54 deltakarar til å representere Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2004Lillehammer i Noreg. Songen «Ónira», skriven av Tofí sjølv, vart framførd på gresk. Bidraget enda på åttandeplass med 61 poeng; tolv frå Hellas, åtte frå Malta og Storbritannia, seks frå Makedonia, fem frå Kroatia, Spania og Romania, fire frå Kviterussland, tre frå Nederland, to frå Latvia og eitt frå Sveits, Danmark og Belgia.

A Song for Europe[endre | endre wikiteksten]

I februar 2006 var Tofí ein av dei ti finalistane i A Song for Europe, den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas. Han enda til slutt på andreplass med songen «Congratulations»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne