Mäder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommunehuset i Mäder

Mäder er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 3,23 km² med om lag 3 800 ibuarar i 2016. Mäder ligg på eit sletteland 414 meter over havet, på austbreidda av grenselva Rhinen. Vest for Rhinen er kantonen St. Gallen i Sveits.

57 % av landarealet er dyrkamark og landbruk er ei viktig næring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]