Måbødalen

Koordinatar: 60°25′5″N 7°12′1″E / 60.41806°N 7.20028°E / 60.41806; 7.20028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°25′5″N 7°12′1″E / 60.41806°N 7.20028°E / 60.41806; 7.20028

Bjoreio stuper utfor i Vøringsfossen øvst i Måbødalen.
Foto: Kenny Louie
Ei bru i Måbødalen på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Måbødalen er eit trongt og vilt dalføre i Eidfjord kommune i Vestland. Dalføret tek til frå Øvre Eidfjord og endar i Sysendalen på vestlege Hardangervidda. Gjennom Måbødalen går Riksveg 7 dels i dalbornen, dels i fire tunnelar i fjellveggen på sørsida. Til saman er tunnellengda 3,1 km. I denne dalen ligg ein av dei mest vidgjetne fossane i Noreg, Vøringsfossen.

Vegar opp Måbødalen[endre | endre wikiteksten]

Vegane opp til fjells frå Eidfjord var bratte og vanskelege før i tida. Vegen opp Måbødalen til Sysendalen var den beinaste, men òg den vanskelegaste. Først etter at vegen var opprusta, truleg etter offentleg oppdrag i 1780-åra, og det var kome bru over elva ved Måbø, vart denne vegen den mest brukte. Opprustingsarbeidet innebar m.a. at det vart lagt over 1300 trappetrinn i stein, eit arbeid utført som pliktarbeid av oppsitjarane i Eidfjord sokn. Denne vegen finst enno og har fått namnet Måbøgaldane.

I 1880-åra la sysendølen Ola L. Garen (1857-1915) fram planar, om eit hotell på toppen av Vøringsfossen. Engelske turistar hadde tidlegare skjemta om at eit slikt hotell kunne bli ein verdsattraksjon, og Ola tok dei på ordet. Men for å kunna realisera planane sine, måtte han ha ein betre veg for hest og kløv opp Måbødalen. Alle materialar til hotellet måtte fraktast opp på hesteryggen, og med Ola L. Garen i spissen vart det sett i stand ein ny ride- og kløvveg. Vegen fekk namnet "Tymberløypet" og vart no hovudvegen opp Måbødalen. Den gamle vegen med steintrappene vart etter 100 års bruk ståande mest til forfalls. Hotellet fekk namnet Fossli Hotel, tok imot sine fyrste gjester i 1887 og stod ferdig i 1891.

Same året, i 1891 var det bygd veg mellom tettstaden Eidfjord og Øvre Eidfjord med 25 meter tunnel og 90 meter halvtunnel langs Eidfjordvatnet. Før dette hadde ein måtta koma seg over vatnet frå Øvre til Nedre Eidfjord med båt.

Så kom fyrste verdskrigen i 1914, og all turisme låg nede i 4 år. Arbeidet med vidareføring av vegen i Måbødalen heldt likevel fram, og i 1915 - 16 vart vegen ferdigstillt opp til Fossatromme, på toppen av dalen. Herifrå var det gang- og kløvveg opp til Fossli Hotel. Køyreveg til hotellet kom fyrst i 1921.

I 1909 vart Bergensbanen opna. I 1928 vart vegen som i dag ber namnet riksveg 7 opna fram til Haugastøl stasjon, og eit nytt aust-vest samband var etablert, om enn berre i sommarmånadane. Det varte til 1943 før vegen vidare til Geilo var opna, slik at bilane i desse åra måtte fraktast med jernbanen mellom Haugastøl stasjon og Geilo. NSB køyrde eigne "biltog" på strekninga,[1] to gonger dagleg i sesongen.

På grunn av mykje trafikk, vart vegen opp Måbødalen etter kvart ein flaskehals. Det vart difor lagt planar om å laga ny veg med 4 tunnelar opp Måbødalen. I 1986 opna den nye vegen, og den gamle vart stengd for ordinær trafikk, etter å ha vore delvis ljos-regulert dei to foregåande åra. Gjennomgangstrafikken og spesielt tungtrafikken helsa den nye vegen velkomen. To år etter, i 1988, kom den tragiske Måbødalsulukka, der 16 menneske omkom grunna bremsesvikt. Etter dette har det vorte sett opp store åtvaringsskilt på toppen av Måbødalen som manar til å køyra på lågt gir.

Turisttoget Trolltoget køyrte gamlevegen opp Måbødalen frå 1992 til sommaren 2008. Etter dette måtte det stansa fordi gamlevegen vart stengd for all motorisert trafikk.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Måbødalen (1854) er også namnet på eit måleri av J. C. Dahl. Måleriet heng i Rasmus Meyers Samlinger i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Måbødalen