Mågålaupet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mågålaupet (òg skrive Magalaupet, Maglaupet og Måggålaupet) er eit om lag 100 meter langt, siksakforma gjel i elva Driva. Det ligg ved Engan i Drivdalen i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag. På det smalaste er det berre 1,5 meter breitt. Djupna er ukjend.

Gjelet består av ei rekkje store, samanlenka jettegryter som elva Driva har grave ut sidan siste istid. Fjellet består av hard gneis, og Driva grev seg ned med ein fart på ca. 1 mm pr. år, tilsvarande 10 meter på 10 000 år.