Måløybrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Måløybrua
Måløybrua.JPG
TypeFritt frambyggbru, vegbru
StadMåløy i Kinn kommune
Vestland
OpnaDesember 1973
StrekningRiksveg 15
Lengd1 274 meter
Fri høgd42 m
Største spenn125 m
KryssarUlvesundet
UtformingUtkragerbru
TransportererBilar, fotgjengarar

Måløybrua
61°55′45″ N 5°7′21″ E

Måløybrua er den sjuande lengste brua i Noreg, og bind saman Vågsøy med fastlandet og er ein del av riksveg 15. Brua har totalt 34 spenn og den totale lengda er 1224 meter med to midtspenn på 125 meter og ei minste fri seglingshøgde på 42 meter.

Bygginga av Måløybrua starta i 1971 og ho vart opna 11. juni 1974 av kong Olav V, men allereie i desember 1973 kunne dei fyrste bilane køyre over. Brua var på eit tidspunkt den lengste i Noreg.

Det var ei rimeleg bruløysing i si tid, med ein pris på dryge 32 millionar kroner. Finansieringa var bompengar, men nedbetalinga vart ferdig tre år før tida og opphøyrde i 1984.

Måløybrua er bygd for å tole vind på opptil 75 m/s. I begge endar av brua er det sett opp tavler som viser aktuell vindstyrke og ho har fleire gonger vore stengd på grunn av for stor vindstyrke.

Når vinden blæs frå ein spesiell kant «syng» brua på ein strøken C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]