Mål og vekt i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alenstav montert på døra til Sørum kyrkje. Dette for å sikre at lengdemålet ikkje endra seg ved kjøp og sal.

Noreg innførte metrisk mål og vekt i 1875, då ein i lag med Sverige signerte Meterkonvensjonen. Sidan 1977 har Noreg hatt SI-systemet, det internasjonale einingssystemet som offisielt einingssystem.

Lengdemål[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle nordiske lengdemåla har gjerne grunnlaga sine i kroppsdelar og lett tilgjengelege lekamar eller definisjonar.

Dei eldste måla er typisk lengdemål henta frå ulike lekamsdelar. Dette var praktisk, sidan målet då alltid fanst der ein var. Frå den gamle nordiske kulturen kjenner ein til fleire slike mål, som gjerne blir kalla kroppsmål i eit samleomgrep. Til å byrje med har det nok vore liten skilnad mellom dei nordiske landa. Då nasjonsbygginga byrja utvikla det seg likevel skilnader etter kvart. Måla har difor variert i både tid og stad.

Gamle kroppsmål[endre | endre wikiteksten]

  • Armlengd, avstanden mellom skuldra og tuppen av langfingeren
  • Fingerbredd, tverrmålet av langfingeren mælt ved rota av neglen
  • Tomme, tverrmålet av tommelfingeren mælt ved rota av neglen
  • Handsbreidd, tverrmålet av handflata mælt på tvers mellom tommelfinger og peikefinger
  • Fot, avstanden mellom hælen og tuppen av stortåa
  • Alen, avstanden mellom olbogen og tuppen av langfingeren
  • Famn, avstanden mellom langfingrane på begge hender (det ein kunne famne rundt)
  • Mannshøgd, høgda av ein vaksen mann
  • Skritt, avstanden mellom føtene i eit skritt

Andre gamle lengdemål[endre | endre wikiteksten]

  • Dagsreise, avstanden ein kunne ro eller segle ein båt i løpet av ein dag
  • Linje, ein strek teikna med ein spiss lekam (sverd, spydspiss eller liknande)
  • Pilskot, avstanden ein kunne skyte ei pil med ein boge
  • Rast, avstanden ein kunne gå før ein trong kvile
  • Roskift, avstanden ein rodde ein båt før roarane trong kvile eller erstatning
  • Steinkast, avstanden ein kunne kaste ein nevestor stein

Tabell over gamle norske eininga for lengd[endre | endre wikiteksten]

Gamle norske lengdeeiningar
Forholdet mellom einingane (fra 1541) Omrekning til SI-systemet - frå år
namn teiknB famn alen fot kvart tomme linje skruppel 1274C 1274D 1541E 1683F 1824G 1875H 1959J eining
1 famn 1A 3 6 12 72 864 10368 1,422 1,659 1,8978 1,8882 1,8825 1,8822 1,8288 m
1 alen 13 1 2 4 24 288 3456 47,400 55,300 63,260 62,940 62,750 62,740 60,960 cm
1 fot I 16 12 1 2 12 144 1728 - - 31,630 31,470 31,375 31,370 30,480 cm
1 kvart 112 14 12 1 6 72 864 11,850 13,825 15,815 15,735 15,688 15,685 15,240 cm
1 tomme II 172 124 112 16 1 12 144 2,633 2,633 2,636 2,623 2,615 2,614 2,540 cm
1 linje III 1864 1288 1144 172 112 1 12 2,194 2,194 2,197 2,185 2,179 2,178 2,117 mm
1 skruppel IV 110368 13456 11728 1864 1144 112 1 0,183 0,183 0,183 0,182 0,182 0,182 0,176 mm
AGrøn bakgrunnsfarge viser eksakte verdiar. BSkrive: 5I 11II 7III 10IV uttalt: fem fot, elleve tommar, sju linjer og ti skruplar = 181,998 cm (int. tomme)
CMagnus Lagabøtes landslov definerte ei Ckort alen og ei Dlang alen. Avsette ein den kortasteC tommelalna (=18II) på ei stikke, trengte stikka eit handtak, som naturleg vart ein handsbreidd (= 3II). Den lengsteD stikka vart då 21II. ESjællandsk alen vart tatt i bruk. FSystemet til Ole Rømer innført ved lov. GI samband med lausrivinga frå Danmark held ein på Ole Rømer-systemet, men måleiningane vart reviderte i lov av 28. juli 1824. HNoreg innførte SI-systemet. Loven innførte omrekningsreglar til det gamle systemet. JInternasjonal tomme definert etter SI-systemet. I Noreg vart einingane alen, kvart, tomme og famn brukt. Fot, linje og skruppel vart nesten ikkje brukt.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]