Målaren Jonas Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Målaren Jonas Lie

Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 29. april 1880
Moss kommune
Død

10. januar 1940 (59 år)
New York by

Yrke kunstmålar, designar
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Målaren Jonas Lie på Commons

Jonas Lie (29. april 188018. januar 1940) var ein norsk-amerikansk målar. Han er særleg kjend for fargerike måleri av New England-kysten og byprospekt i New York City.

Path of Gold (Gullsti), 1914
The Old Ships Draw to Home Again (Dei gamle skutene dreg heimatt), ca 1920

Jonas Lie vart fødd i Moss i Østfold. Far hans døydde i 1892. Etter eit eit mellombels opphald i Paris hos tanta Thomasine Lie og ektemaken, forfattaren Jonas Lie, flytta han året etter til den amerikanske mor si i New York City.

Mellom 1901 og minneutstillinga i 1940 vart Lie sine verk utstilt i det ganske USA. I 1905 viste Lie fram 34 bilete i Brooklyn Museum of Art og i åra fram til 1938 Lie hadde han 57 separatutstillingar, med vekslande frå 12 til 45 måleri. Han deltok i viktige årlege og to-årlege utstillingar på National Academy of Design, Pennsylvania Academy of the Fine Arts, Art Institute of Chicago og Corcoran Gallery of Art i Washington DC, så vel som i dei fleste verdsutstillingane.

Jonas Lie skildra ofte hav, kanalar og båtar i dramatiske omgjevnader og i kraftige fargetonar. Han vart kjend for sine fargerike impresjonistiske scener av hamner og fyr, måla gjennom dei mange somrane han heldt til på kysten av New England eller Canada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]