Målarkunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gut som kryp ut av bildet. Måla i 1874 av Pere Borrell del Caso.

Målarkunst er ei form for biletkunst som går ut på å laga måleri ved å festa fargestoff til ei overflate på kunstferdig vis. Dei som lagar måleri vert kalla målarar, eller kunstmålarar, dersom ein vil skilja dei frå yrkesmålarar. Mange reknar målarkunsta for å vera den viktigaste kunstforma. Dette ser ein mellom anna ved at ordet «kunst» ofte vert brukt berre med tydinga målarkunst.

Måletypar[endre | endre wikiteksten]

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Målarar kan mellom anna dekorera tak.
Landksapsakvarell av den taiwanske kunstnaren Ni Chiang-huai
Pastellstiftar.

Det finst ulike material både til å måla på og måla med. Måleflata kan vera papir, lerret, ei treplate, tak og veggar. Det finst svært mange målingstypar:

Triunfo de San Hermenegildo (1654) er eit religiøst måleri av Francisco de Herrera.

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Målarar har ofte konsentrert seg og gjerne spesialisert seg i å måla særskilde motiv. Desse kan vera portrett, landskap, stilleben (ting som ligg stille), og religiøse, mytologiske eller historiske bilete.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

I mange samfunn har målarar vore svært viktige. Dei har dekorert gudshus, regjeringsbygg og rikmannsbustadar; dei har dokumentert notida si for ettertida, og bileta deira kan av og til ha hatt religiøse funksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Målarkunsta er om lag seks gonger så gamal som skrifta, for menneska har måla sidan steinalderen. Dei eldste måleria me kjenner til er holemåleri i den franske Grotte Chauvet, og er om lag 32 000 år gamle. Desse viser ville dyr som hestar, ullhåra nashorn, mammutar og løver, og er utførde ved at ein har hatt raud oker og svart fargestoff i utskjeringar i fjellveggen. Liknande arbeid på hole- eller fjellveggar finst over heile verda. I Noreg kallar me dei helleristingar.

Sidan utvikla fleire samfunn si eiga målarkunst, og det har funnest ei rekke ulike skular og tradisjonar i mellom anna India, Kina, Persia og Australia. Den tradisjonen som me kjenner best til og som har påverka resten av verda er likevel vestleg målarkunst.

Målarstilar[endre | endre wikiteksten]

Kunstnarar har alltid påverka kvarandre, og det er vanleg å gruppera måleri frå ei viss tid og gjerne frå eit visst område i ei namngjeven gruppe. Det kan vera kunsthistorikarar som ser ein samanheng og set namn på stilen i ettertid, eller kunstnarane kan sjølv aktivt gå inn for ein viss måte å måla på som dei gjer eit visst namn.

Stilar innan vestleg kunst[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Målarkunst

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]