Måletransformator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein måletransformator er ein elektrisk transformator som vert kopla inn i ein vekselstraumkrins for å måle spenning eller straum. Ein spenningstransformator har primærvikling med mange tørn, og blir kopla parallelt over spenningskjelda eller lasta. Sekundærviklinga blir kopla til eit voltmeter. Ein straumtransformator har primærvikling med få tørn av tjukk leidningstråd, og blir kopla i serie med straumkrinsen. Sekundærviklinga blir kopla til eit amperemeter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]