Målrøystingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grunnlag[endre | endre wikiteksten]

Ordninga med lokale folkerøystingar om opplæringsspråket i den einskilde lokale skulen skal vere bokmål eller nynorsk er eit viktig element i det norske lokaldemokratiet, og eit viktig mål på kva innbyggjarane i skulekrinsane sjølve meiner når dei må ta aktivt stilling til språkspørsmålet. Det er her resultatet av målstriden syner seg, og det er avgjerande for kva slags opplæringsmål dei ungane får og dermed i høg grad kva mål dei for det meste vil nytte gjennom livet. Etter måten få elevar byter frå bokmål til nynorsk som hovudmål di eldre dei vert, medan andre vegen er meir utbreidd.

Målrøystingar 1965–2010. Vedtak
År Krinsar Nynorskkrins Bokmålskrins  %NN
NN BM NN BM
1965–69 84 17 64 1 2 21%
1970–74 66 25 41 38%
1975–79 53 25 23 2 3 51%
1980–84 43 16 27 37%
1985–89 42 20 13 2 7 52%
1990–94 18 10 7 1 61%
1995–99 23 11 10 2 48%
2000–04 41 13 19 1 8 35%
2005–09 19 9 8 1 1 53%
2010–11 11 2 9 18%
Sum 400 148 221 8 23 39%

Tilgjengelege data for målrøystingar går attende til 1965, og sidan då har det vore halde røystingar i 400 skulekrinsar. Den typiske skulemålsrøystinga har gitt eit svært jamt resultat, men i vedtaks form har likevel resultatet oftare vore bokmål enn nynorsk. I mange krinsar har det vore fleire røystingar, i somme fall fire. Av dei 264 krinsane med røystingar i perioden var det 70 som heldt på nynorsken, medan 194 enda med bokmål. Mange av krinsane er seinare lagde ned, såleis at det i dag er 50 krinsar med nynorsk og 146 med bokmål attende av desse. For eit fullstendig oversyn av målrøystingar i perioden 1965–2004, sjå Nynorsk faktabok 2005 og for perioden 1992–2008, sjå Noregs Mållag – Årsmelding 2008–2009 .

Sidan årtusenskiftet[endre | endre wikiteksten]

I perioden 2000–2010 er det dette biletet som teiknar seg: I 84 % av tilfella er det nynorsk som er nytta målform før røystinga. Nynorsken har sigra i 26 av 69 (38%) godtekne røystingar i dette tidsrommet. Berre ein gong, ved Sviland skule i Sandnes, har ein gått frå bokmål til nynorsk etter målrøysting i perioden, men dette var ein opphavleg nynorskkrins som gjekk til bokmål året før. For ein bokmålskrins, Florø barneskule, gav målrøystinga knapp margin for å halde på bokmålet, men deltakinga var låg. Etter vedtak i kommunestyret gjekk krinsen likevel over til nynorsk, sidan skulen har eit stort fleirtal elevar som har valt nynorsk.

Målrøystingar etter år. 2000–2010
År Krinsar Nynorskkrins Bokmålskrins  %NN
NN BM NN BM
2000 15 6 6 3 40%
2001 5 1 2 1 1 40%
2002 1 - 1 0%
2003 12 3 6 3 25%
2004 7 3 3 1 43%
2005 4 2 1 1 75%
2006 5 4 1 80%
2007 5 3 2 60%
2008 1 1 0%
2009 4 3 1 0%
2010 10 2 8 20%
Sum 69 24 34 2 9 38%

Fylkesvis oversyn[endre | endre wikiteksten]

Ser ein fylkesvis på resultata, så er det stor forskjell på kor god nynorsken klarer å halde stand mot bokmålet. Dei verste fylka i så måte er Telemark, Aust-Agder og Nord-Trøndelag, kor alle krinsane har gått over til bokmål, og i Buskerud og Hordaland er det ei stor overvekt av krinsar som endra til bokmål. I Oppland, Vest-Agder og Møre og Romsdal er det mesta jamt mellom krinsane som nynorsken har halde på og dei som er tapt. Målet held mykje betre stand i Rogaland, og i Sogn og Fjordane er det altså det spesielle høve at ein bokmålskrins endrar til nynorsk, og såleis gjer nynorsken mesta einerådande i det fylket. I einskilde kommunar har det gått spesielt hardt utover nynorsken, i dei tre byane Bergen, Notodden og Steinkjer har i alt 13 krinsar endra til bokmål. Totalt i perioden har nynorsken halde stand i 18 krinsar og fått ein ny, medan bokmålet har halde på sju krinsar og teke 32 nye, det vil seie at berre ein av tre krinsar med målrøysting held framleis på nynorsken i desse åra.

Endringar i skulemål etter fylke. 2000–2009
Fylke Krinsar Nynorskkrins Bokmålskrins  %NN
NN BM NN BM
Oppland 6 3 2 1 50%
Buskerud 4 1 2 1 25%
Telemark 8 71) 1 0%
Aust-Agder 5 5 0%
Vest-Agder 4 2 2 50%
Rogaland 7 5 2 71%
Hordaland 6 2 42) 33%
Sogn og Fjordane 1 1 100%
Møre og Romsdal 11 5 5 1 45%
Nord-Trøndelag 63) 3 3 0%
Sum 58 18 32 1 7 33%

Notar: 1)4 i Notodden. 2)Alle i Bergen. 3)5 i Steinkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]