Målreising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Med målreising meiner vi ein medviten og organisert strid for å reise opp til full vørdnad og fulle rettar eit språk som har vore underkua. Ei målreising er sjølvsagt ikkje til for språket i seg sjølv, men for dei som brukar det, ei folkegruppe eller delar av denne. Målreising er såleis ofte både ei sosial og ei nasjonal reising, som rettar seg mot både sosial og nasjonal undertrykking.

Eksempel på målreisingar kan vera den jiddische, den ukrainske, den katalanske og den nynorske.

Jiddisch[endre | endre wikiteksten]

Mellom jødane i Aust-Europa vart det frå førre hundreårsskiftet om lag og fram til Shoah (Holocaust) arbeidd for å reise det jødisk-tyske folkemålet jiddisch opp til full vørdnad som skrift- og litteraturspråk. Den sosialistiske organisasjonen Bund arbeidde mellom anna for dette, og var arbeidarrørsle og målrørsle på ein gong. Om lag seks millionar av dei i hovudsak jiddisch-talande jødane i Europa vart drepne av nazistane under andre verdskrigen. I den jødiske staten Israel har jiddisch ikkje vore fremja, da sionistane heller ville gjenreise hebraisk som bruksmål i den nye staten. Men jiddisch lever enno, både i Europa, Amerika og Israel.

Ukrainsk[endre | endre wikiteksten]

Ukrainsk vart ikkje godteke som eit eige språk under tsar-veldet, men vart sett på som «litlerussisk» dialekt. Forkjemparar for ukrainsk målreising vart undertrykte, og bøker forbodne, men målet levde som talemål på landsbygda. I sovjet-tida vart ukrainsk formelt anerkjent, men i periodar var det likevel eit sterkt press for bruk av russisk. Sentralisering, urbanisering og modernisering styrkte russisk språk i den gitte samanhengen. I det sjølvstendige Ukraina er ukrainsk formelt einaste offisielle språket, men i praksis talar folk i dei sørlege og austlege delane av landet mest (og best) russisk. Det gjeld både etniske russarar og etniske ukrainarar i desse områda. Det finst au ein tala mellomvariant av dei to relativt nærtståande språka. Folketeljingsdata frå 2001 viser at fleirtalet av innbyggjarane i hovudstaden Kiev oppgir ukrainsk som morsmålet sitt, men au at mange av desse for det meste brukar russisk i kvardagen sin. Ukrainsk står sterkast som bruksspråk i Vest-Ukraina.

Katalansk[endre | endre wikiteksten]

1800-talet fekk nasjonalspråket katalansk ein renessanse som tale- og skriftspråk blant den urbane eliten i mellom anna Barcelona, etter at det hadde overlevd sidan mellomalderen på landsbygda og i lågare sosiale lag. Sjølv om språket var forbode under Franco-fascismen, var det da diktaturet fall i 1975 klart til å ta over som hovudspråk i dei aktuelle regionane, som Catalunya og Valencia. Den katalanske målreisinga er eit eksempel på ein vellykka målstrid. Mykje tyder på at den katalanske målreisinga kunne sigre såpass totalt fordi viktige grupper av bybuarar i til dømes Barcelona såg interessene sine tente med ho.

Norsk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er målreising nærpå synonymt med striden for nynorsken. Dette mellom anna fordi bokmålstilhengarar ofte har framstilt det som eit særnorsk og derfor dumt fenomen. Som ein ser her, er målreising slett ikkje spesielt for Noreg, heller ikkje målreising som rettar seg mot dominans frå nærskylde språk, som reisinga av katalansk i høve til spansk (kastiljansk) og ukrainsk i høve til russisk. Den norske målreisinga prøver å gjenreise norsk som dominerande skriftmål i Noreg, på kostnad av norsk-dansk bokmål. Dette blir grunngitt både med nasjonale og sosiale argument. Det nasjonale er at bokmålet er ein rest av det danske herredømmet over Noreg frå unionstida før 1814, og eit fullt ut sjølvstendig land bør ha sitt eige skriftspråk dersom det er grunnlag for det. Det sosiale er at liksom jiddisch og katalansk har norsk overlevd som talemål på bygdene og blant lågare sosiale lag også i byane, og at den nynorske målreisinga derfor i stor grad er ein sosial strid for dei objektive interessene til vanlege folk i bygd og by, for folkemålet mot det kulturelle hegemoniet til ein snever sosial og geografisk elite.