Målselvfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Målselvfjorden

Målselvfjorden er ein fjordarm av Malangen i Lenvik og Målselv kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 16 km sørover til Karlstad i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sultindvikneset i vest og Målnesodden i aust. Bygda Sultindvik (Ytre og Indre) ligg på vestsida av fjorden like ved innløpet. Litt lenger inn i fjorden ligg bygda Målsnes på andre sida. I den indre delen av fjorden ligg Ingvardholmen, Olderholmen og Killingholmen. Inst i fjorden munnar Målselva ut.

Riksveg 854 går langs austsida av fjorden. På vestsida går Fv261 i den ytre delen, medan Fv179 går langs den indre delen.

Målselvfjorden med Malangen i bakgrunnen
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Målselvfjorden