Månaden ala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ala (arabisk علاء, ‘alá’) er den nittande og siste månaden i bahaiåret, og er ein fastemånad. Månaden kjem etter dei innskotne dagane ayyám-i-há og varer frå 2. til 20. mars etter den vestlege kalenderen.[1] Namnet på månaden tyder noko slikt som «høgheit». Fastetida er kjend som «nittendagarsdasta».

Fastemånaden er kjend frå babismen, forløparen til bahai. Bahaullah vidareførte fasten, men endra fleire av reglane.[1][2]

Under fasten skal ein ikkje eta eller drikka frå soloppgang til solnedgang.[3] Bahaiar skal halda fasten frå dei er femten til dei er sytti. Det finst unntak, til dømes for sjuke, reisande, folk som gjer hardt kroppsarbeid og gravide, ammande eller menstruerande kvinner.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Walbridge, John (11. juli 2004). «Fasting». Bahá'í Library. Henta 17. september 2008. 
  2. Smith, Peter (2000). «fasting». A concise encyclopedia of the Bahá'í Faith. Oxford: Oneworld Publications. s. 157. ISBN 1-85168-184-1. 
  3. Effendi, Shoghi (1973). Directives from the Guardian. Hawaii Bahá'í Publishing Trust. s. 28.