Månane til Pluto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Pluto-systemet

Plutomånane er dei naturlege satellittane til Pluto; so langt er det fire kjende. Charon er den største av dei og er samanlikna med planeten han krinsar rundt den største i solsystemet. Dei to andre månane, Nix, S/2011 P 1 og Hydra, er mykje mindre.[1]

Pluto sitt satellittsystem[endre | endre wikiteksten]

Banane i Pluto-systemet som sett ifrå jorda kalkulerte utifrå oppdagingsbileta til dei ytre månanene (Hydra (P1) og Nix (P2)).

Den inste månen, Charon, blei oppdaga av James Christy den 22. juni 1978, nesten eit halvt hundreår etter Pluto. To månar i det ytre av systemet blei fotografert av Hubble Space Telescope Pluto Companion Search Team den 15. mai 2005 og so funne på bilete ifrå juni 2002. Med banane bekrefta fekk månane endelege namn: Hyda (Pluto III, tidlegare kjend som S/2005 P 1) og Nix (Pluto III, tidlegare kjend som S/2005 P 2). Namna blei valde delvis av di initialane deira, NH, tilsvarar dei til romsonden New Horizons som skal passera systemet i 2015. Vidare observasjonar av Hubble blei gjorde i februar og mars 2006. Gitt kor følsamt Hubble-teleskopet er, og det at heile regionen der gravitasjonsfeltet til Pluto dominerer har blitt fotografert, er det ikkje forventa at Pluto har fleire månar større enn 12 km dersom dei har same albedo som Charon eller opptil 40 km dersom dei er so mørke som dei mørkaste Kuiperbelte-objekta. Mogelegheita for eit ringsystem rundt Pluto laga av nedslag på dei mindre månane vil bli undersøkt av New Horizons-sonden.

Pluto-systemet er særs kompakt: dei tre kjende satellittane går i bane innfor dei tre prosenta av regionen der prograde banar ville vore stabile.

Pluto og Charon har blitt kalla ein dobbelplanet sidan Charon samanlikna med Pluto har halve diameteren og ein åttande del av massen. Charon er så massiv samanlikna med Pluto at Pluto går i bane rundt systemets barysenter (massesentrum) som ligg litt over overflata til Pluto. Charon og Pluto har bunden rotasjon, sånn at dei alt viser dei same ansikta til kvarandre,

Pluto-systemet har ikkje blitt besøkt av ein romsonde, men romsonden New Horizons vil passera det i juli 2015.

Tabell over dei kjende månane[endre | endre wikiteksten]

Plutomånane er opplista her etter baneperiode, ifrå kortast til lengst. Pluto og Charon er dei einaste objekta i Pluto-systemet som er massive nok til å oppretthalda sfæriske (runde) former. Pluto har blitt tatt med for samanlikning sidan krinsar om eit punkt utanfor han sjølv (barysenteret).

Merknadar:
Data ifrå Buie & Grundy
Namn Bilete Snittdiameter (km) Masse (×1021 kg) Store halvakse (km) Omløpstid (dagar) Eksentrisitet Banhelling i forhold til Plutos ekvator Oppdaging
Pluto Pluto.jpg 2390 2306 ± 20 13,05 ± 0,07 2390 6,387230 1930
Pluto I Charon 1212 1207 ± 3 1,52 ± 0,06 19 571 ± 4 6,387230 0,00° ± 0,014° 1978
Pluto II Nix 46-137 < 0,002 48 675 ± 120 24,856 ± 0,001 ~0 (0,2% ± 0,2%) 0,04° ± 0,22° 2005
Pluto IV S/2011 P 1 13-34[1]  ? ~59,000[2] 32.1[2] ~0[2]  ? 2011
Pluto III Hydra 61-167 < 0,002 64 780 ± 90 38,206 ± 0,001 0,5% ± 0,1% 0,22° ± 0,12° 2005
Samanlikning av størrelsane og fargane i Pluto-systemet.

Då Hydra blei oppdaga var han noko lysare, og det blei derfor trudd at han var 20% større; men seinare observasjonar viser at dei er omtrent identiske i lysstyrke. Sannsynlegvis skuldast endringa i lysstyrke variasjonar i lyskurva til Hydra, men om dette skuldast ei irregulær form eller variasjonar i lysstyrken til overflata (albedo), er ukjent. Diametrane til objekta kan bli estimert utifrå dei antekne albedoane, og estimata ovanfor tilsvarer ein albedo på 35%, lik Charon. Månane kan vera så store som 130 km om dei har ein albedo tilsvarande dei mørkaste kuiperbelte-objekta (4%). Likevel er det grunna fargen og den antekne likskapen til Charon i kjemisk samansetnad mest sannsynleg at albedoane deira òg liknar på den til Charon og estimata med dei lågaste størrelsane ligg nærast verkelegheita.

Resonansar og opphavet til Pluto-systemet[endre | endre wikiteksten]

Ein har mistanke om at satellittane i Pluto-systemet blei til under ein massiv kollisjon mykje lik den samanstøyten som ein antek skapa jorda sin måne. I begge tilfella kan det vera at det høge vinkelmomentet til månane berre kan forklarast utifrå eit slikt scenario. Dei nesten sirkulære banane til dei mindre månane kan tyda på at dei òg blei danna i denne kollisjonen snarare enn at dei er innfanga kuiperbelte-objekt.

Danninga av plutomånane. Nummer ein viser eit Kuiperbelte-objekt (KBO) som nærmar seg Pluto. Nummer to viser at KBOen slår ned i Pluto. Nummer tre viser ein støvring under danning rundt Pluto. Nummer fire viser at lausmassane samlar seg til Charon. Nummer fem viser at lausmassane har samla seg til Charon og at både Pluto og Charon har blitt sfæriske.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hubble oppdager ny måne rundt Pluto (bokmål) (20. juli 2011).
  2. 2,0 2,1 2,2 A fourth moon for Pluto (engelsk). Planetary Society weblog (20. juli 2011).
Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet