Månedag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein månedag er tida det tar månen å rotere ein heil runde rundt sin eigen akse med omsyn på sola. Samstundes er det òg tida det tar månen å gjere ein runde rundt jorda og kome tilbake til same fase, altså tida det tar frå ein nymåne til neste nymåne.

Eit månedøgn er tida mellom to påfølgjande øvre kulminasjonar av månen. På grunn av den ujamne rørsla til månen kan det varierer mellom 24 timar 39 minutt og 25 timar 8 minutt, men er i middel 24 timar, 50 minutt og 28 sekund.

Med omsyn til stjernene brukar månen 27 dagar, 7 timar og 42,2 minutt på ein runde rundt jorda, men sidan jord-måne-systemet samstundes har flytta seg rundt sola, må månen gå noko lenger for å kome tilbake til same fase. I snitt er denne baneperioden 29 dagar, 12 timar, 44 minuttar og 3 sekund. Dette er ei gjennomsnittleg tid sidan farten til jord-måne-systemet rundt sola varierer litt gjennom året på grunn av eksentrisiteten til banen. I tillegg vil små skilndader i tyngdefeltet frå sola skape periodiske variasjonar i månebanen.

I oseanografi er ein månedag tida det tar jorda å rotere rundt sin eigen akse med omsyn til månen. Dette er tida frå månen står i senit til neste gong månen står i senit, om lag 24 timar og 50 minuttar. Denne perioden vert òg kalla tidvassdag.

Månekalender[endre | endre wikiteksten]

I somme månekalenderar, som hindukalenderen, er ein månedag eller tithi definert som 1/30 av ein månemånad, eller tida det tar for lengdegradsvinkelen mellom månen og sola å auke med 12 grader. Med denne definisjonen varierer lengda på månedagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]