Månefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månefisk
Månefisk
Månefisk
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av månefisk
Utbreiinga av månefisk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Fastkjevefisk Tetraodontiformes
Familie: Månefiskfamilien Molidae
Slekt: Mola
Art: Månefisk M. mola
Vitskapleg namn
Mola mola

Månefisk er ein stor fastkjevefisk i månefiskfamilien. Han førekjem sporadisk i norske farvatn, men er hovudsakleg knytt til tropiske eller tempererte hav. Den store, runde og flate kroppen er tilpassa å driva passivt med straumen i den pelagiske sona, noko som har gjeve arten kallenamnet «verdas største plankton». Han er ein treig rovfisk som lever av større virvellause dyr som manetar, salpar og blekksprut, samt noko fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jonsson, Bror: «Månefisk»; s. 267-268 i Bror Jonsson & Arne Semb-Johansson (redaktørar): Norges Dyr - Fiskene 2. J.W. Cappelens Forlag, 1992. ISBN 82-02-13564-8
  • Fishbase

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]