Månekåsen
Springaren Månekåsen (etter spelemannen Sveinung Månekåsa frå Seljord) er mykje nytta i austre Telemark og i Numedal. Slåtten er òg kalla Makalausen eller Løytnantdrengen. Det siste namnet knyt slåtten til Pål Løytnantsdreng frå Numedal, eller far hans, Knut Øyanhaugen, som tente som løytnant i Tønsberg i unge år. I Telemark er slåtten rekna som Gibø-tradisjon, etter mellom anna Johannes Dale og Eilev Smedal.
Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]
Slåttegruppa har katalognummer 506 i hardingfeleverket. Tre variantar er samla i Seljord, og tre i Numedal, i tillegg til ein frå Tinn. Slåtten har òg vore bruka i Krødsherad, under namnet Leirplassingen (Johan Kleven, ikkje teken med i lista). Leirplassingen er elles eit namn knytt til nr 528, ein variant av springaren Falkeriset.
- a: Gibøspringar, etter Johannes Dale, Tinn [1][daud lenkje]. Slåtten er òg kalla Syrgjefuen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1271, NRK magn. 1980). Tradisjon etter Håvard Gibøen.
- b: Springar, etter Hans Smeland, Seljord [2][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 816). Smeland hadde slåtten etter Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen. Forma er heller knapp, og manglar det siste veket.
- c: Månekåsen, etter Magne Manheim, Seljord [3][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Oppkalla etter Sveinung Månekåsa frå Seljord.
- d: Gibøspringar/Makalausen, etter Eilev Smedal, Seljord [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 364) Groven spela inn slåtten for NRK i 1949.
- e: Løytnantdrengen, etter Steingrim Haukjem, Veggli [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1180). Slåtten er og kalla Tangeslåtten.
- f: Løytnantdrengen, etter Halvor Kaasin, Nore [6][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1976.
- g: Tangeslåtten, etter Hellik Juveli, Flesberg [7][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Slåtten har namn etter spelemannen Torstein Tangen frå Flesberg.