Hopp til innhald

Månekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månekake med lotusfrøfyll, ein bit utskoren.

Månekake (forenkla kinesisk 月饼, tradisjonell kinesisk 月餅, pinyin yuèbĭng) er eit kompakt, lite bakverk med fyll som kan vera søtt eller salt. I Kina og i store delar av Aust-Asia er bakverket tett knytt til månefesten, som blir feira om hausten, i alle fall sidan Song-dynastiet. Kaka har som regel eit eller fleire kinesiske teikn trykt på oversida som fortel kva slags fyll kaka har, eller berre signaliserer lykke i form av til dømes teiknet for 'langt liv' eller nettopp 'lykke'. Bakeria kan også påføra kaka andre symbol og mønster, som til dømes omrisset av jadekaninen.

Skikken med å gje kvarandre månekaker blei alminneleg i fyrste del av Songdynastiet (906–1279 e.Kr).[1]

Kaka har form etter fullmånen, som i midten av hausten når månefesten blir feira blir rekna for å vera uvanleg rund og stor. Men rundleiken er også eit symbol på den samla familien. Ei populær forteljing seier gjeldande at grunnleggjaren av Ming-dynastiet, Zhu Yuanzhang, lét spreia meldingar som mante til kamp mot dei mongolske herskarane i utdelte månekaker.

Månekaker er i dag ofte dyre bakverk som er vanlege å gje som gåver i tida før månefesten.

Den typiske månekaka er rund, har eit tverrsnitt på ca. 10 cm og er ca. 5 cm høg. Ho er svært mettande og blir gjerne servert med te.

Kvar region har eigne spesialitetar. På Taiwan er dei salte månekakene fylte med eggeplomme og kjøt, og dei søte med søtpotet. Det er også vanleg med fyll av bønner, lotusfrø, sesamfrø og ananas.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Siu, K. W. Michael (1999). «Lanterns of the Mid-Autumn Festival: A Reflection of Hong Kong Cultural Change». The Journal of Popular Culture 33 (2): 67–86. doi:10.1111/j.0022-3840.1999.3302_67.x. Henta 10. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Månekake