Måneår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Månekalender)

Eit måneår er eit år rekna ut frå månesyklusane. Det finst to hovudtypar måneår:

  1. Det lunisolare året, eller «sol/måneåret», er eit måneår som blir rekna ut frå månefasane, og som varierer mellom 12 og 13 månader per år for å unngå større forskyvingar i høve til det reine solåret. Eksempel på kalendrar med lunisolare år er:
    1. Det jødiske året
    2. Kyrkjeåret — kyrkjeåret, som vert bruka i kristendommen, stammar frå det jødiske året og baserer seg som dette på ei samordning av årstider og månefasar. Datoar for rørlege helgedagar i kyrkjeåret blir rekna ut frå 1. påskedag, som fell på fyrste sundag etter fyrste fullmåne etter vårjamdøger. Dei andre rørlege heilagdagane vert bestemt ut frå påskedagen. Datoane i kyrkjeåret vert oftast omrekna til den verdslege kalenderen for vanleg bruk — i all eldre kristendom sovel som i austleg-ortodoks kristendom blir den julianske kalenderen bruka. Vestleg kristendom reknar datoane i kyrkjeåret om til den gregorianske kalenderen.
  2. Det lunare året, eller det reine måneåret, er eit år definert som 12 månesyklusar. Eksempel på kalendrar med lunare år er:
    1. Det muslimske året.
      Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.