Mårbacka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°46′52″N 13°14′1″E

Hovudbygninga på Mårbacka

Mårbacka er ein herregard i Sunne kommun i Värmland i Sverige. Forfattaren Selma Lagerlöf vart fødd og voks opp på Mårbacka, og levde også dei siste åra av livet sitt der.

Byggnadshistorik[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygninga vart oppført i 1793 og bygd om i 1921-1923 etter teikningar av arkitekt Isak Gustaf Clason.

Garden var eigd frå omkring 1720 av kapellanen Olof Morell og gjekk sidan i arv til to av hans etterfølgarar i embetet. I 1801 kom den gjennom arv i familien Lagerlöfs eige. Etter farens død i 1885 overtok sonen Johan garden, men han klarte ikkje drifta, og gjekk konkurs. Han flytta til USA og i 1889[1] og garden gjekk ut av slekta ettersom den var tvangsseld.[2] Selma Lagerlöf kjøpte attende hovudbygninga i 1907 og i 1910 kunne ho kjøpe tilbake heile garden ved hjelp av prispengane ho fekk med Nobelprisen i litteratur i 1909. Etter at ho nokre år seinare lét garden bygge om, stod det ikkje mykje att av den opphavlege utsjånaden til barndomsheimen hennar. Den opphavlege raudmåla våningshuset vart utvida austover, nye etasjar vart bygd på og den prangande fasaden fullbyrda transformasjonen til ein standsmessig herregard.

Mårbacka i dag[endre | endre wikiteksten]

Mårbacka er no eit museum, noko som er resultat av at Lagerlöf skreiv i testamentet sitt at Mårbacka skulle takast vare på og visast for ålmenta i den stand som den var ved hennar død.

Besøkande kan få ei guida omvising i våningshuset. I tilslutning til garden finst ein hage, kafé og bokhandel. I løa er det ei minneutstilling over Lagerlöf sitt liv og forfattarskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Selma Lagerlöf-sällskapet
  2. Mårbacka, underverk 2 - Sunne kommun

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]