Mégarabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mégarabukta (gresk Κόλπος Μέγαρων, Kólpos Mégaron) er ei bukt i den nordlege delen av Saroniabukta i Hellas. Den totale lengda hennar er om lag 20 km frå aust til vest og om lag 6 til 10 km frå nord til sør. Ho byrjar ved Áji Theódori og strekkjer seg opp til neset sør for Pákhi og eit lite sund nær Salamínabukta og sørover til området rundt Lambríno på øya Salamína.

Stader langs bukta er mellom anna Áji Theódori, Kinéta og Pákhi på fastlandet og Kanákia på Salamína. Av øyar finn ein Pákhi og Pakháki (som tyder Vesle Pákhi) sør for Pákhi og ei lita øy kalla Kanákia nær Kanákia. Kapp Petrítis på Salamína ligg i søraust.

Jordbruksområde og sletter dekkjer den nordlege delen, bortsett frå eit område rundt Kakiá Skála og fjella i aust.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]