Ménalo
Ménalo Μαίναλο | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Arkadía | ||
Høgd | 1 981 moh. | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Ménalo | |||
Wikimedia Commons: Mainalo | |||
Ménalo (gresk skrift Μαίναλο) eller Mainalo er ei fjellkjede i Arkadía i Hellas. Eldre namn på fjellet er Mainalon, Mainalos, Menalon, Menalos, og meir sjeldan Menalus eller Mainalos, på latin Maenalos og Maenalus, og meir sjeldan Maenalon. Fjellkjeda strekkjer seg 15-20 km frå Trípoli til Vytína og er 5-10 km brei frå Zygovísti til Kápsas.
I mellomalderen og fram til seint på 1900-talet vart fjellet kalla Apáno Khrépa. Det ligg òg ein landsby på fjellet som har sitt opphav i antikken. I tillegg ligg det eit skisenter her, 20 km nordvest for Trípoli. Det høgaste punktet på fjellet heiter Profítis Ilías og er 1 986 moh, som gjer Ménalo til det høgaste fjellet i Arkadía.
Nærliggande stader[endre | endre wikiteksten]
- Thána, søraust
- Trípoli, søraust
- Khánia, søraust
- Kápsas, aust
- Levídi, nord
- Vytína, nordvest
- Dimitsána, vest
- Zygovísti, sørvest
- Stemnítsa, sørvest
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mainalo» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2007.