Mörsil

Koordinatar: 63°18′30.877″N 13°40′3.9540″E / 63.30857694°N 13.667765000°E / 63.30857694; 13.667765000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°18′30.877″N 13°40′3.9540″E / 63.30857694°N 13.667765000°E / 63.30857694; 13.667765000 Mörsil er ein tettstad i Åre kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 674 innbyggjarar.

Sveriges første sanatorium blei innvigd i Mörsil i 1891. Sanatoriet med tilhøyrande park blei etablert etter tysk førebilete, og anlegget, som er delvis bevart, bestod av fleire bygningar – bl.a. hovudbygning, badehus og legevilla – - som blei knytte av eit ope parklandskap med bjørkealléar, grusgangar, hagar og frittveksande tre.

Etter kommunesamanslåinga og industrinedlegginga på 1970-talet har samfunnet stagnert, og mange pendlar til turistanlegg i fjellet eller til Östersund. Det finst eit lite privat og offentleg servicetilbod, mellom anna grunnskule, bibliotek, matvarebutikk, bensinstasjon, bank m.m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]