Møbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Møblement i måleriet Ved frokostbordet og morgenaviserne (1898) av L.A. Ring.
Steinaldermøbler og -inventar, mellom anna ein kommode i stein, i eit arkeologisk utgrave bustadhus i Skara Brae på Orknøyane. På denne staden budde det folk frå år 3100 før vår tidsrekning (f.Kr.) og 600 år framover.

Møbel (av fransk meuble, frå latin mobilis, 'rørleg')[1] er ei fellesnemning for vanlegvis frittståande og flyttbare større gjenstandar til å ha i eller ved hus og andre bygningar for å kunne nytte dei til å opphalde seg i bustad, kontor, restaurant og liknande opphaldsstader. Nokre døme på møblar er sofa, stol, bord, frittståande skåp, kommode og seng. Eit sett møblar blir kalla eit møblement.[2]

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis vert det kravd at gjenstanden skal stette visse tradisjonelle funksjonelle krav og ha ei viss utforming for å kunne kallast for eit møbel. Apparat og liknande innretningar som til vanleg høyrer til inventaret, som til dømes komfyrar, kjøleskåp, fryseboksar, vaskemaskinar, fjernsynsapparat og anna, vert ikkje rekna som møblar. Faste skåp, som til dømes kjøkenskåp og liknande, vert heller ikkje sett på som møblar. Ifølgje norsk lov skal «varig innreiing og utstyr som anten er fast montert» eller «særskilt tilpassa bygningen» fylgje huset i kjøp og sal.[3]

Det kan likevel vera vanskeleg å dra eit klart skilje mellom møblar og fast inventar. Innan tradisjonell norsk byggjeskikk er mykje av inventaret bygd fast og altså ikkje flyttbart - det galdt til dømes gjerne pall og langbenk. I austeuropeisk og finsk tradisjon har masseomnen vore i bruk både til oppvarming, matlaging og soveplass.

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Ein kan laga møblar av tre, metall, glas, ofte i kombinasjonar, og eventuelt med puter av naturmateriale av ull, bomull, skinn og lêr eller ulike kunststoff vorte meir og meir vanleg. I dag kan ein og få møblar laga heilt i plast.

Tradisjonelt var møbelproduksjon eit handverk som møbelsnikkarar, òg kalla finsnikkarar, ofte stod for. I dag vert møblar vanlegvis framstilt industrielt i stor skala. Det er også blitt vanleg med møblar som er utforma for å leverast flatpakka og setjast saman der ein skal bruka dei.

I verda i dag er Europa ein hovudproduksjonsstad for møblar. EU står for over 40 % av produksjonen på verdsbasis, og dei største produsentlanda er Tyskland og Italia. Det blir laga rundt 25 % i høvesvis Nord-Amerika og Asia.[4]

I Noreg har særleg Møre og Romsdal hatt lange tradisjonar innan møbelproduksjon, og idag ligg dei fleste store norske møbelfabrikkane her. Sunnmøre er sterkt representert med produsentar som Ekornes, Hjellegjerde, Brunstad, LK Hjelle, Formfin, Slettvoll med fleire.

Døme på møblar[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Møbel