Møkkakjellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Møkkakjellar, fraukjellar eller gjødselkjellar er ein integrert del av driftsbygningen på gardar med husdyrhald.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Planteikning av gardshus i Noreg frå 1800-talet med stove og fjøs med gjødselkjellar i same bygning.
Bidrag til Bygningsskikkens Udvikling paa Landet i Norge utgitt 1865 (Nasjonalbiblioteket)
Bondegard i Stange sørvest for Hamar med kombinert driftsbygning som består av løe og fjøs (kvitkalka del) med møkkakjeller under (bak kjellarportane)
Foto: 2013

Frå gammalt var kjellaren bygd slik at ein kunne sopa møkk via møkkarenna i fjøset (båsfjøs) og rett ned gjennom ei luke i golvet. Ein freista å halda luka så tett som mogleg, men lukt av rotningsgasser og ammoniakk var ein velkjend del av livet på landet. Utedoen var gjerne kopla på ved at han var plassert med direkte nedfall til møkkakjellaren.

Møkkakjellaren blei tømt ved hjelp av møkkakjerre og møkkagreip som ein del av våronna. Dette var kjend som å spreia hevd (hebd) eller møkkaspreiing. Ein måtte passa på ikkje å pusta inn for mykje av gassen. Dødsfall av gassforgiftning fanst, men det var meir vanleg å få såre auge og andre irriterte slimhinner.

Moderne spreiing av møkk som gjødsel blir ofte gjort som gylling. Dette inneber å blanda ut møkka i vatn, pumpa denne blandinga på ein tank som kan trekkjast av traktor og spruta blandinga frå tanken ut over åkrar og enger. Dette gjer ein først på vårparten og så gjerne oppatt utover sommaren. Gylling er ein effektiv arbeidsmåte, men gjev mykje større luktplager for naboar enn spreiing av fast møkk. Avrenning av gylla til nærliggande vassdrag er òg eit problem. Det siste kan verta spesielt ille viss gyllinga blir gjort medan det framleis er tele i jorda.

Sjå òg Gjødselspreiar

Gassforgifting frå gjødselkjellarar[endre | endre wikiteksten]

På 1980-talet var gassforgiftning i gjødselkjellarar og tårnsiloar den klåre vanlegaste dødsårssaka ved ulukker i landbruket i Noreg.[1] Gjennom nytt teknisk utstyr og informasjonsarbeid betra dette seg på 1990-talet.

Gasstypar og helsefare[endre | endre wikiteksten]

Gjødselgass består av fleire gassar, der CO, metan, ammoniakk og hydrogensulfid er dei vanlegaste.[2] Av desse utgjer hydrogensulfid den største helsefaren. Denne kan gje skadar på nervesystemet og vera dødeleg ved store konsentrasjonar. Ammoniakk gjev irriterte slimhinner og lungeskader samstundes som det forsterkar effekten av hydrogensulfid. CO kan føra til kveling, medan metan er svært brannfarleg. Hydrogensulfid luktar vondt, men store konsentrasjonar av stoffet kan lamma luktesansen.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Ved gylling skjer gjødselgassulukker i samband med røring, pumping og tapping av gjødsla, spesielt i den augneblunken «skorpelaget» på gjødsla blir broten. Ulukker skjer òg når bonden inspiserer gjødselkjellaren. Gjødselgassar kan òg representera ein fare for dyr i fjøset. For dyra har ventilasjonsanlegget di verre lite å seia, effekten på vifta er vanlegvis ikkje stor nok til å ta unna gassen.[2]

Tiltak som vert rådt til av Landbruket sitt HMS-teneste inkluderer:

  • Rør aldri i stille eller tungt vêr
  • Sikre lufting til husdyrrom. Alle vifter må gå for fullt, men alle dører og vindauge må òg opnast.
  • Sjekk at ventilasjonsviftar ikkje trekkjer luft frå pumpegropen inn i rom i fjøset.
  • Gjødselgass kan verta opp pressa i fjøset vis si vinden blæs inn opningar i pumpekummen eller gjødselporten.
  • Unngå å stå for nær påfyllingsåpningen på transporttanken under fylling eller i pumpegropen under røring.
  • Gå aldri ned i gjødselkjellar eller tankvogn utan friskluftutstyr
  • Gå aldri inn i husdyrrom der det kan vera mistanke om gjødselgass, utan å bruka gassmaske med grått filter B. Sjølv ved bruk av gassmaske er du avhengig av at det er nok oksygen tilstades, dette kan fortrengast av andre gassar.
  • Gjer omrøring utan dyr i fjøset, om mogleg.
  • Rør forsiktig. Nytt utstyr kan gje kraftigare røring enn forventa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ragnhild Eikenes; Olaug Bjørneset (22. juli 2003). «Veit for lite om gass». NRK Sogn og Fjordane. Arkivert frå originalen 9. august 2003. 
  2. 2,0 2,1 «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 9. oktober 2007. Henta 27. juni 2007.  Landbrukets HMS-tjeneste, faktaark