Naturgjødselspreiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Møkkaspreiar)
Spreiing av naturgjødsel.

Naturgjødselspreiar, eller møkkaspreiar, er eit jordbruksreiskap nytta for å spreia naturgjødselåker og eng. Tidlegare var naturgjødselspreiarar utforma som ei vogn og vart dregne av hestar, medan moderne spreiarar vert dregne av ein traktor.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Spreiarar for fast gjødsel[endre | endre wikiteksten]

Bakspreiar[endre | endre wikiteksten]

Bakspreiar i arbeid.

Denne typen har eit belte i botnen som førar møkka attover mot spreieorganet. Speieorganet er vanlegvis utforma som to roterande akslingar med skovlar og/eller knivar [1]. Om det er halm i møkka vert han i nokon grad kutta opp av knivane. Mate- og spreieorgana vert drivne frå kraftuttaket på traktoren, eller med hydraulikkmotorar. Hestedregne spreiarar vert drivne frå hjula på spreiaren.

Sidespreiar[endre | endre wikiteksten]

Denne typen har spreieorganet på den eine sida og kastar møkka sidevegs. Behaldaren er forma som ei trakt i sideretning, med transportskruvar i botnen som fører møkka fram til spreieorganet.

Rotasjonssidesidespreiar[endre | endre wikiteksten]

Rotasjonssidespreiar.

Denne typen kastar møkka til den eine sida [1]. Desse har ofte ein roterande aksling som går på langs over heile lengda på spreiaren. På denne akslingen er det festa kjettingar som tek tak i møkka og kastar ho sidevegs.

Tankspreiar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vert som oftast land og møkk sampla opp i tette møkkakjellarar, eller tankar. Ein nyttar då tankspreiarar for å transportera og spreia gjødsla. Desse vert som oftast fylte med ei gjødselpumpe. Spereieorganet var tidlegare ofte utforma som eit roterande skovlhjul, plasser bak på tanken. Moderne tankspreiarar har ofte ei innebygd gjødselpumpe som pumpar gjødsla gjennom ei spreiedøse eller mot ein spreiekam. Tankspreiarar kan òg nyttast for vatning.

Tankspreiarar kan òg utstyrast med stripenedleggarar, som grev grunne furer i jorda, plasser gjødsel i dei og grev att. Denne typen kan berre nyttast på open åker.

Galleri: Fastgjødselspreiarar[endre | endre wikiteksten]

Galleri: Tankspreiarar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,