Mølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°58′18.098″N 9°49′28.286″E

Mølen med ei av gravrøysene.
Foto: Mahlum

Mølen er eit nes i Larvik kommune i Vestfold fylke. Det ligg på austsida av innløpet til Langesundsfjorden og er 300–400 m breidt. På Mølen ligg ei rekkje større og mindre gravrøyser bygd av rullestein frå raet, som Mølen er ein del av. Gravskikken har bakgrunn i kulturforma frå bronsealderen, men ein del av røysene ligg så lågt i høve stranda at dei truleg skriv seg frå tidleg jernalder, noko som synest stadfesta av funn i ei av gravene. Dei fleste røysene er skadde; den største er 7 m høg.

Stranda og farvatnet utanfor er freda på grunn av sitt rike fugleliv med mange sjeldne artar. Mølen er eit viktig overvintringsområde for vassfugl, særleg dykkender. Mølen Ornitologiske Stasjon driv regelmessig overvaking av fuglelivet i området.

Mølen er kvartærgeologisk interessant fordi vestfoldraet her dukkar ned i havet og utvaska morenemassar dannar ei mektig rullesteinsstrand. Heva strandlinjer kan observerast.

Delar av Gea Norvegica Geopark ligg i Mølen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]