Mønster i naturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naturlege mønster forma ved at vind bles sand i Namibørkenen. Dei sigd- eller halvmåneforma sanddynene og kapillarbølgjemønsteret på overflata deira går att overalt der tilhøva ligg til rette for det.

Mønster i naturen er regelmessige gjentakingar av former som ein finn hjå levande vesen og andre former i naturen. Desse mønstera finst i ulike samanhengar og kan av og til skildrast matematisk. Mønstera kan omfatta symmetri, fraktalar (tre), spiralar, striper, brot, tessellering, meanderar, bølgjer og skum.[1]

Tidlege greske filosofar studerte naturlege mønster, og både Platon, Pythagoras og Empedokles prøvde å forklara orden i naturen. Den moderne forståinga av synlege mønster utvikla seg gradvis over tid. På 1800-talet studerte Joseph Plateau såpeskumhinner og formulerte ideen om ei minimalflate. Biologen og kunsntaren Ernst Haeckel måla hundrevis av marine organismar for å visa fram symmetrien deira. D'Arcy Thompson la grunnlaget for studiet av veksemønster både i plantar og dyr, og viste at enkle formlar kunne forklara spiralvekst. På 1900-talet føresåg matematikaren Alan Turing mekanismar for morfogenese (utvikling av form og struktur) som kan gje mønster som prikkar eller striper. Aristid Lindenmayer og Benoît Mandelbrot viste korleis fraktalmatematikk kunne liggja bak plantevekstmønster.

Mønster på kameleonen Chamaeleo calyptratus, utvikla som kamuflasje og for å melda om sinnstemning og paringsstatus.

Matematikk, fysikk og kjemi kan forklara mønster i naturen på ulike nivå. Mønster hjå levande ting kan også forklarast gjennom dei biologiske prosessesane naturleg utval og seksuelt utval. Studiar av mønsterdanning kan bruka matematisk modellering og datasimulering for å forstå ei mengd ulike mønster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stevens, Peter. Patterns in Nature, 1974. Page 3.