Mørdeig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mørdeig i ei skål.

Mørdeig er ein grunndeig ein kan bruka til å laga kaker og paiar. Han er vanlegvis laga av mjøl, sukker, feitt og eventuelt ei smakstilsetjing. Ingrediensane blir hakka eller smuldra saman til ein grynete masse, bunde saman med egg.[1] Førsteleddet «mør» viser truleg til at deigen ikkje er seig og elastisk.[2]

Deigen blir laga ved at ein tek ingrediensane raskt saman, slik at dei ikkje blandar seg heilt. Dette gjer at feittet blir verande for seg i skorpa, og når deigen blir varma opp blir det sloppe ut damp som lagar små rom i deigen og gjer skorpa sprø.[3] Om ein bruker vatn i deigen skal det vera kaldt, og blandast i etter at feittet og mjølet er smuldra saman. Dette gjer at mjølet er dekt av feitt og har mindre sjanse for å utvikla glutenbindingar.[4]

Typar[endre | endre wikiteksten]

Pâte à foncer er ein fransk mørdeigstype som inneheld egg. Egg og smør blir blanda med litt sukker og salt før ein tilset mjølet og til slutt kaldt vatn for å halda deigen saman.[5]

  • Pâte brisée liknar pâte à foncer, men er lettare og meir delikat fordi han inneheld meir smør — opptil tre femdelar av delen mjøl. Denne blir som regel laga utan sukker og brukt til å laga sprø skorpe på paiar.[5]
  • Pâte sucrée ('søt mørdeig') inneheld meir sukker, som hindrar glutenbindingar i deigen og gjer at bakverket lett bryt i munnen.
  • Pâte sablée har dei same ingrediensane som pâte sucrée, men smøret blir blanda med smøret og egga til ein krem før mjølet blir folda inn. Dette gjer smøret meir jamnt fordelt, og gjer bakverket tørrare og sprøare, medan dei andre deigane er meir smuldrete. Sablé er ein god deig for søte terter, rich tea-kjeks og sprøyta deigremser, ettersom han held forma betre enn dei andre typane.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «mørdeig». Store norske leksikon (på norsk). 10. januar 2018. 
  2. «mørdeig - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 9. juni 2019 
  3. Ackere, by the editors of Cook's illustrated ; illustrations, John Burgoyne ; photography, Carl Tremblay, Keller + Keller, Daniel Van. Baking illustrated : a best recipe classic (1st utg.). Brookline, Massachusetts. ISBN 0936184752. OCLC 54454496. 
  4. «Predicting Baking Performance through Evaluation of Short-crust Dough | Perten Instruments». www.perten.com (på engelsk). Henta 9. oktober 2018. 
  5. 5,0 5,1 Roux, Michel (2010) [First published 2008]. «Shortcrust pastries». Pastry. London: Quadrille Publishing. s. 20–23. ISBN 978-1-84400-827-8.