Møre Fisker- og Småbrukerparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Møre Fisker- og Småbrukerparti var eit politisk parti som stilte til val i landkrinsane i Møre og Romsdal ved stortingsvala i 1933 og 1936. I 1933 var partiet i listeforbund med Bondepartiet, og toppkandidaten på lista var Peder Pedersen frå Grip. I 1936 stilte partiet i listeforbund med Venstre. Andelen av røystene i landkrinsane i Møre og Romsdal var:

  • 1933: 3,7 %
  • 1936: 2,0 %

Partiet vart aldri representert på Stortinget. Etter andre verdskrigen stilte det ikkje til val igjen.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.