Møre ungdomsskule Herøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Møre Ungdomsskule Herøy er ein kristen friskule, starta i 2004. Då vart det starta opp med 8. og 9. klasse, lokala dei første åra var i Hydrakraftbygget i Dragsund. Våren 2007 tok ein til å bygge skulehus, og flytta inn i nye lokale ved Myrvåg legesenter hausten 2007. Våren 2009 fekk bygget også eigen gymsal. I 2009 skulen også godkjenning for barneskuledrift, og vil starte 1-10 skule frå hausten 2009. I det høve endrar skulen namn til Møre barne og ungdomsskule.

Rektorar den første tida har vore: Odd Asbjørn Nybø (2004/2007), Rasmus Tunheim (2007/2008) og Arve Fiskarstrand (2008/-)

Skulestyret hadde dei første åra Kjell Furnes som formann. Etter han overtok Per Arne Lillebø.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]