Hopp til innhald

Granne forsikring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Møretrygd)
Granne forsikring
Org.formGjensidig forsikringsselskap
Org.nr.838797172
BransjeSjøforsikring
Skipa5. mai 1901
HovudkontorÅlesund
LandNoreg
Nettstadhttps://www.granne.no/ (norsk), https://www.granne.no/english (engelsk)

Granne forsikring, tidlegare Møretrygd Gjensidig Forsikring, er eit gjensidig skadeforsikringsselskap med kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg. Selskapet er samansett av ei rekkje mindre selskap som har fusjonert, der dei viktigaste var Assuranseforeningen "Havfiske" (1871), Sunnmøre Båttrygdelag (1890), Herøy Båttrygdelag (1917) og Volda Branntrygdelag (1866). Verksemda endra namn frå Møretrygd til Granne i 2022.[1]

I 2011 hadde selskapet ei premieinntekt på ca. 130 millionar kroner og eigenkapital på 273 millionar kroner. Tradisjonelt var Møretrygd eit sjøforsikringsselskap (sjøtrygdelag), men dekkjer no alle vanlege skadeforsikringar, også på land.

Selskapet tek mål av seg å vere det lokale selskapet for Nord-Vestlandet og dekkje forsikringsbehova til både privatpersonar, verksemder og reiarlag. Selskapet er ein viktig del av den maritime klyngja på Sunnmøre.

Som det einaste selskapet i Noreg har Møretrygd utarbeida alle forsikringsvilkår og informasjonsmateriell for den landbaserte delen av verksemda på nynorsk.

  1. ↑ «Kunngjøringer - Brønnøysundregistrene», w2.brreg.no, henta 2025-04-19

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]