Jomfrudom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Møydom)
Romersk statue av ein ung gut. Det finst ingen fysiske prov på jomfrudom, men han blir ofte forbunden med uskuld.

Jomfrudom eller møydom viser til det å ikkje ha seksuell erfaring. Som regel viser det til det å ikkje ha hatt samleie, og omgrepet blir særleg brukt om kvinnelege jomfruer. I fleire kulturar blir jomfrudom sett på som noko verdifullt som ein kan gje frå seg, ta, tapa eller selja. Jomfrudom kan gje særskild status eller eigenskapar. Ein kan prøva å verna om jomfrudommar med reglar og kontroll, eller sikra seg at nokon er jomfruelege gjennom ulike «jomfruprøvar».

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

La perte du pucelage ('Tapet av møydommen', 1891), Paul Gauguin.

Det finst ingen medisinske prov på jomfrudom. Det første samleiet kan, men treng ikkje, medføra kroppslege endringar. Dette gjeld både kvinner og menn. Eit anna problem med å definera jomfrudom er at ein har ulike definisjonar av kva som kan kallast sex. Medan dei fleste vil vera einige om at nokon som har hatt vaginalt samleie ikkje lenger er «jomfru», herskar det usemje om dette når det gjeld andre former for seksuell kontakt som røring av kjønnsdelar, tungekyssing, munnsex eller analsex. For somme vil ein kvar seksuelt prega kontakt medføra at ein ikkje lenger er «urørt». Andre oppfatningar kan vera at ein er «teknisk jomfru» fram til ein har hatt samleie, eller at ein først har seksuell erfaring etter sjølv å ha delteke i eit samleie, slik at til dømes valdtekt ikkje medfører tap av jomfrudommen.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Ei «fullstendig jomfruhinne» (virgo intacta) kan tyda på at ei kvinne ikkje har hatt (vaginalt) samleie. Mangel av ei slik «hinne» tyder likevel ikkje automatisk at ho har seksuell erfaring. «Hinna» kan strekkast ved det første samleiet slik at ein blør, men kan også forsvinna ved ei rekkje andre aktivitetar, eller ein kan vera fødd utan. For menn finst heller ingen sikre teikn, men i nokre høve kan trong forhud (fimose) føra til smerte og bløding ved samleie viss ein riv sund forhudsfestet (frenulum preputii).

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Defloreringsrite. Illustrasjon til Jehan de Mandeville si skildring av fjerne land frå 1300-talet. Mandeville fortel mellom anna om ei øy der nygifte menn er redde for å ta jomfrudommen til konene sine, og får andre til å gjera det.

Jomfrudom kan ha stor tyding i eit samfunn. I fleire samfunn blir det rekna som skamfullt å mista jomfrudom før ein er gift, anten for familien eller den det gjeld – særleg i høve til kvinner. Samstundes kan ein sjå på fullføringa av eit samleie som fullbyrdinga av ekteskapet. I nokre vestlege rettstradisjonar kan dermed vedvarande jomfrudom vera bevis på at eit ekteskap ikkje er gyldig.

Oppfatningar om at jomfrudom har ein verdi kan visast att i pengar, som ved at ei kvinne rekna som urørt får ein høgare brurepris eller ein ektemann med høgare status enn ho ville fått utan jomfrudom. Ein som urettmessig tek ein jomfrudom, til dømes ved valdtekt eller falske lovnader om ekteskap, kan bli tvinga til å gjera opp for seg gjennom bot (t.d. tysk Kranzgeld) eller å gifta seg med den han tok jomfrudommen til. Det finst også døme på prostitusjon der ein sel første samleiet med ei jomfru til høge prisar. Medan dette truleg har vore gjort i det skjulte, fann det stad fleire offentleg kjende sal av jomfrudommar i 2000-åra.[1]

Stadfesting av jomfrudom[endre | endre wikiteksten]

Ein kan ønska å stadfesta om nokon er jomfru eller ikkje, til dømes for å sikra at dei framleis er «ærbare» eller at dei er verd å gifta seg med.

Den vanlegaste forma for ein jomfruprøve er å undersøka om ei jente eller kvinne har ei «fullstendig jomfruhinne». Dette kan gjerast gjennom ei underlivsundersøking, ofte utført av ei eldre kvinne, helsepersonell eller den ho skal giftast/er blitt gift med. Ein nærskyld test er om det kjem blod på lakenet ved det som skal vera det første samleiet. Som tidlegare nemnd er desse prøvane ikkje nøyaktige.

Jomfruprøvar kan også vera psykologiske, der ein «merkar» om nokon er jomfruelege eller ikkje, anten ved å sjå på oppførsel eller ved å observerer korleis dei utfører samleiet. Til dømes kan ein forventa at nokon ikkje har hatt samleie før ikkje vil vita kva han skal gjera, at kvinna kjennest «trong» ut eller liknande.

Det finst også døme på prøvar med magisk tilsnitt, der ein venter at ei kvinne som er «intakt» jomfru vil kunne bera vatn i eit såld eller kan halda på urin lenger enn ei som ikkje er det.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Symbol på jomfrudom kan vera kvitfarge, til dømes kvite klede eller blomar som liljer eller kvite roser, visse plantar som myrte, hår som er utslått og ikkje sett opp i frisyre eller skjult under skaut, såld som i jomfruprøven nemnd over, og diverse teikn knytt til jomfruelege personar eller guddommar.

I England fanst ein tradisjon der kyske, ugifte personar (mest kvinner) som døydde blei heidra med ein særskild 'jomfrugirlander' ved gravferda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. To britiske kvinner skal ha seld jomfrudommane sine i 2004. I 2008 hevda ei italiensk kvinne at ho ville selja jomfrudommen sin for 1 million euro, og same året auksjonerte ei amerikansk kvinne med psevdonymet Natalie Dylan bort jomfrudommen sin på Internett (The Sun, 13. januar 2009, Telegraph 16. september 2008).