München

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
München
Frauenkirche og rådhusetFoto: Stefan Kühn
Frauenkirche og rådhuset
Foto: Stefan Kühn
Motto
«München mag dich»
(München elskar deg)
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til München
München is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberbayern
Kreisfri by
Grunnlagd 1158
Geografi
Flatevidd
 - By

310,43 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (april 2007)
   - folketettleik

1 332 650
  4 293/km²
Koordinatar 48°08′0″N 11°34′0″EKoordinatar: 48°08′0″N 11°34′0″E
Høgd over havet 519 m m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 80000–81929
Telefon-retningsnummer 089
Bilnummer M
Heimeside: www.muenchen.de

München uttale , på bairisk Minga, er ein by i Tyskland og hovudstaden i delstaten Bayern. Med 1,33 millionar innbyggjarar er byen den tredje største i Tyskland, og ein av dei mest velståande i Europa. Berre Berlin og Hamburg er større. Han har eit storbyområde på 2,6 millionar innbyggjarar, og i lag med Augsburg, Ingolstadt, Rosenheim, Landshut og Landsberg dannar han eit større byområde med om lag 6 millionar innbyggjarar. Den velståande katolske byen ligg ved elva Isar, og er i løpet av dei siste tiåra blitt eit av dei viktigaste teknologiske sentera i Tyskland og Europa.

Namnet München tydar bokstaveleg «munkar», og på byvåpnet er det bilete av ein munk, som vert kalla Münchner Kindl, 'bornet av München'. Svart og gull, fargane til Det tysk-romerske riket, har vore dei offisielle fargane til byen sidan Ludvig IV av Det tysk-romerske riket. Byen sitt motto var lenge «Die Weltstadt mit Herz» ('Verdsbyen med eit hjarte'), men har nyleg vorte endra til «München mag dich» ('München elskar deg').

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isar
Foto: Anna Штраль

Området kalla Villa Munichen har vore kjend sidan 1158, og blei grunnlagt av Heinrich der Löwe, hertugen av Sachsen. Eit halvt hundreår seinare fekk det byrettar av keisar Fredrik Barbarossa. I 1180 blei Otto von Wittelsbach hertug av Bayern, og Wittelsbach-dynastiet kom til å styre Bayern fram til 1918.

Sjølv om München allereie i 1328 blei keisarleg residensby, var det fyrst 450 år seinare at utviklinga skaut fart. I 1806 blei Bayern eit napoleonsk kongedømme. Innbyggjartalet til byen, som i 1700 hadde vore på rundt 24 000, dobla seg på berre tretti år, og i 1871 hadde byen 170 000 innbyggjarar. I 1933 var dette oppe i 840 000.

Under styret til kong Ludvig I (1825 - 1848) blei München ein verdskjend kunstby. Klassisistene Leo Klenze og Friedrich von Gärtner bygde Ludwigstraße, Königsplatz og den kongelege residensen.

Under prinsregent Luitpold (1886-1912) opplevde München ein stor næringsmessig og kulturell oppsving. Den kjende Prinzregentenstraße og Prinzregententheater blei bygd, medan Schwabing omkring hundreårsskiftet utvikla seg til eit levande kunstnarkvarter, som trekte til seg mange viktige forfattarar og målarar. I 1896 blei kulturtidsskriftet Die Jugend fyrste gong gjeve ut, som kom til å gi namn til jugendstilen.

Etter fyrste verdskrig var München staden for den kommunistiske revolusjonen (sjå Münchner Räterepublik), og i dei fylgjande åra blei München og Hauptstadt der Bewegung til Adolf Hitler. I 1923 var byen åstad for det såkalla ølkjellarkuppet, som derimot blei slått ned og Hitler vart dømd til fengsel. I nærliggjande Dachau blei den fyrste konsentrasjonsleiren til nazistane bygd i 1933, der særleg tyske opposisjonelle blei sperra inne. Byen blei kraftig skada av allierte bombeåtak, men gjenoppbygd i etterkrigstida.

I 1972 arrangerte München sommar-OL, som blei sterkt prega av den palestinske terrorgruppa Svart september då dei kidnappa elleve israelske idrettsutøvarar. Redningsforsøket til det tyske politiet resulterte i at alle israelarane, fem av gisseltakarane og ein tysk politimann døydde.

München er globalt hovudsete for ei rekke storkonsern, som elektronikkselskapet Siemens, bilprodusenten BMW, bank- og forsikringsgiganten Allianz og dei tyske hovudkontora for dei amerikanske selskapa McDonald's og Microsoft. München er også den nest største forlagsbyen i verda, og er også ein av dei byane i Europa med flest vitskaplege arbeidsplassar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bayernstatuen

München har eit vell av kulturelle tilbod. Byen har heile 59 teater, og blant dei 46 musea finst verdas største tekniske museum, Deutsches Museum, i tillegg til ei rekkje kjende kunstmuseum, som antikksamlinga Archäologische Staatssammlung, Glyptoteket, Münchner Stadtmuseum, Bayerische Nationalmuseum, Alte-, Neue- og Moderne Pinakotheken og Haus der Kunst. Ei rekkje orkester held til her, blant anna Münchner Philharmoniker.

Ein av dei mest vidkjende årlege hendingane i München er Oktoberfest, der hesteløp og øl står i sentrum. Han vart fyrste gong halde 12. oktober 1810 til ære for ekteskapet mellom kronprins Ludvig og prinsesse Therese von Sachsen-Hildburghausen (begge frå Bayern), og byen sine innbyggjarar syntes det var så hyggjeleg at dei gjorde det til ei årleg hending.

Av parkane i byen er Englische Garten verdskjend. Han er større enn Central Park i New York. I samband med OL i 1972 blei Olympiapark bygd.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Theatinerkirche
Foto: Bernd Reuschenberg

München er kjend som den mest liberale byen i Bayern, som elles er den mest konservative delstaten i Tyskland. Han er ein av få byar i Bayern der sosialdemokratane SPD, og ikkje CSU, regjerer.

Årleg finn den internasjonale konferansen for tryggleik stad i München.

Religion[endre | endre wikiteksten]

München er hovudsakleg ein katolsk by, men har òg ein protestantisk minoritet. Det jødiske samfunnet er det tredje største i Tyskland etter Berlin og Frankfurt am Main.

Universitet og høgskolar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: München

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Munich frå Wikivoyage