Mýrtosbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mýrtosbukta

Mýrtosbukta (gresk Κόλπος Μύρτου, Kolpos Mýrtou), òg kalla Mirtosbukta, er ei bukt på øya Kefaloniá i Det joniske havet i Hellas utanfor Korintbukta i vest. Lengda hennar er 10 km og ho er om lag like brei på det breiaste. Ho strekkjer seg frå Kapp Kakáta til Ássos frå aust til vest og frå Zóla til Ássoshalvøya i nord. Bukta er omringa av fjell og men det meste av området rundt, bortsett frå halvøya, er avskoga eller har lite trevekst. Det går ingen ferjesamband i bukta. Berre to elvar munnar ut i bukta, men desse er tørre om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]