Māris Verpakovskis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Māris Verpakovskis
Māris Verpakovskis.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Māris Verpakovskis
Fødd 15. oktober 1979
Fødestad Liepāja
Høgd 173 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Baku
Nummer 9
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-2000
2000-03
2003-
2007
2007-08
2008
2009-11
2011-
Latvia Liepājas Metalurgs
Latvia Skonto
UKraina Dynamo Kiev
Spania Getafe (lån)
Kroatia Hajduk Split (lån)
Spania Celta Vigo (lån)
Hellas Ergotélis (lån)
Azerbaijan Baku
13 (3)
62 (23)
77 (51)
47 (18)
13 (1)
18 (5)
8 (0)
46 (7)
4 (0)
Landslag
1999- Latvia Latvia 86 (28)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. juni 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 30. juni 2011

Māris Verpakovskis (fødd 15. oktober 1979 i Liepāja i Latvia) er ein latvisk fotballspelar, som spelar i angrep for Baku i den aserbajdsjanske og for det latviske fotballandslaget.

Verpakovskis vart seriemeister i Latvia med Skonto i 2001 og 2002, og i Ukraina med Dynamo Kiev i 2004. Han forlet Latvia til fordel for Dynamo Kiev i 2003 og var i 2010 framleis under kontrakt med dei, men hadde då vore på utlån til klubbar i andre land i Europa frå 2007 av. Han vart kåra til årets latviske fotballspelar i 2003 og 2004.

Han debuterte for Latvia sitt A-landslag i 1999 og skåra det første landslagsmålet sitt i ein EM-kvalifiseringskamp mot Hellas 9. juni 1999. Han var med i Latvia sin tropp til fotball-EM i 2004, der han spelte alle Latvia sine tre kampar og skåra eitt mål, mot Tsjekkia.