M*A*S*H
| |
Type | fjernsynsserie |
---|---|
Sjanger | Drama |
Opphavsland | USA |
Produksjonsland | ![]() |
Introduksjonsår | 1972 |
Sesongar | 11 |
Episodar | 256 |
Lengd | 30 minutt |
Språk | Engelsk |
Skapar | Larry Gelbart |
Basert på | MASH: A Novel About Three Army Doctors |
Produksjonsleiar |
|
Musikk | Johnny Mandel |
Medverkande | |
Periode | 17. september 1972– 28. februar 1983 |
Kanal | CBS |
Biletformat | 480i (SDTV) |
Lydformat | Mono |
M*A*S*H (Mobile Army Surgical Hospital) er ein tidlegare fjernsynsserie som vart inspirert av ein film med same namn. Utgangspunktet for historia er eit feltsjukehus, stasjonert i Korea under Koreakrigen. I Noreg er serien sendt både på NRK og TV 2.
Fjernsynsserien vart sendt i originalversjon på den amerikanske fjernsynskanalen CBS frå 17. september 1972 til 28. februar 1984 i til saman 251 episodar, dei fleste på ein halv time. Nokre episodar ein time lange, og siste episode varte i to og ein halv time. Serien vert framleis sendt i reprise over heile verda.
Som filmen var fjernsynsserien ein komedie, men med eit mørkare antikrigsbudskap bak. Mange av hendingane i serien kjem frå forteljingar frå verkelege hendingar frå verkelege M*A*S*H-kirurgar som vart intervjua av produksjonsteamet.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Alan Alda - som kaptein Benjamin Franklin "Hawkeye" Pierce
- Gary Burghoff - som korporal Walter Eugene "Radar" O'Reilly (1972-1979) - einaste av hovudrollene som vart spela av same skodespelar i både film og TV-serie
- William Christopher - som førsteløytnant John Patrick Francis Mulcahy, feltprest - spelt i pilotepisoden av George Morgan
- Jamie Farr - som korporal/sersjant Maxwell Q. Klinger
- Mike Farrell - som kaptein B.J. Hunnicutt (1975-1983)
- Larry Linville - som Major Francis Delano/Marion Burns (1972-1977)
- Harry Morgan - som oberst Sherman T. Potter (1975-1983)
- Wayne Rogers - som kaptein "Trapper" John Francis Xavier McIntyre (1972-1975)
- McLean Stevenson - som oberstløytnant Henry Braymore Blake (1972-1975)
- David Ogden Stiers - som major Charles Emerson Winchester III (1977-1983)
- Loretta Swit som major Margaret "Hot Lips" Houlihan