M.I.A.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
M.I.A.
MIA front face.jpg
M.I.A. i 2009.
Verkeleg namn Mathangi Arulpragasam (tamil மாதங்கி 'மாயா' அருள்பிரகாசம்)
Alias Maya, M.I.A.
Fødd 18. juli 1975 (42 år)
Mitcham i London i Stobritannia

Mathangi «Maya» Arulpragasam (fødd 18. juli 1975) betre kjent under artistnamnet M.I.A., er ein britisk musikar og musikkprodusent av srilankisk tamilsk opphav. Den mangearta musikken hennar har trekk frå hip-hop, elektronika, dance, avant-garde, alternativ og verdsmusikk, og tek ofte opp politiske tema.

M.I.A. i 2007.

M.I.A. er mellom anna kjend for songane «Galang», om livet i multikulturelle London, «Sunshowers», som tek opp terrorisme og inndelinga av verda i «godt» og «vondt», «Boyz», «Born Free» og «Paper Planes». Sistnemnde var med i filmen Slumdog Millionaire og blei Oscar-nominert for beste originale song.[1]

M.I.A. er også biletkunstnar og moteskapar. Hennar første biletutstilling, på Portobello Road, blei nominert til den alternative Turnerprisen i 2002. Utstillinga omfatta graffitikunst og spraymåla bilete og blanda tamilsk politisk gatekunst med liv og konsumerisme i London. M.I.A. har også verka som moteskapar gjennom eigne senekostyme og kledelinja «Okley Run».

Gjennom heile karrieren sin har M.I.A. teke opp spørsmål rundt menneskerettsbrot, rettane til grupper som afroamerikanarar, palestinarar og tamilar på Sri Lanka. Ho har skulda dei srilankiske styresmaktene for systematisk folkemord, og er sjølv blitt skulda for å støtta Dei tamilske tigrane.

M.I.A. er dotter av Arul «Arular» Pragasam, ein tamilsk aktivist, og Kala, som stort sett sytte for henne og to sysken åleine. M.I.A. vart fødd i London men voks opp på Sri Lanka og India før mora og borna flykta til England i 1986. Som vaksen har M.I.A. budd i New York og Los Angeles i USA. Ho er forlova med Benjamin Zachary Bronfman, og dei fekk ein son saman i 2009.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Arular (2005)
  • Kala (2007)
  • Maya (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]