M. Jul Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Martin Julius Halvorsen (4. november 186717. mars 1951), kjend som M. Jul Halvorsen, var ein boktrykkar og redaktør, opphavleg frå Oslo. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i valperioden 1913-15.

Halvorsen var son til ein skomakar i hovudstaden. Sjølv lærde han seg til typograf. Han vart tidleg kjend som «en radikal og uforferdet mann som med stor energi gikk inn i organisasjonsarbeidet», opphavleg venstremann «på den ytterste radikale fløy». Mellom anna var han med å stifte Norsk Fagforbund, formann i forbundet 1897-99. Han var elles formann i Kristiania demokratiske arbeidarorganisasjon i fem år. Halvorsen var medlem i Kristiania bystyre 1897-1901, vald for partiet Venstre.

Frå 1902 var Halvorsen livet ut busett på Jessheim i Ullensaker herad. Her etablerte han eige trykkeri og byrja gje ut avisa Romerikes Blad, ei avis han redigerte i mange tiår. Han var medlem i Ullensaker heradsstyre 1904-10, deretter med plass i formannskapet i Ullensaker. I fleire periodar var han varaordførar, og ein treårsbolk ordførar i heradet. Fyrst etter 30 år som kommunemann takka han nei til attval. Hausten 1912 vart Halvorsen vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Mellem Romerike og sat sesjonane 1913-15 i Lagtinget og i Budsjettkomiteen. Då Det norske Arbeidarparti vart splitta, melde Halvorsen seg inn i Noregs Sosialdemokratiske Arbeidarparti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]