MS «Sleipner» (1999)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå M/S «Sleipner»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sleipner(1999).jpg
MS «Sleipner» på veg inn på Vågen i Bergen, i rute for Flaggruten frå Stavanger og Haugesund.
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sleipner»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Austal Ships Pty. Ltd. i Freemantle i Australia
Byggekostnad: 50 mill. kr.
Verftsnummer: 83
Sjøsett: 1999
Døypt: 20. august 1999
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LJYH
IMO-nummer: 9193032
Lagnad: Forliste 26. november 1999
Generelle mål
Type: Snøggbåt/katamaran
Tonnasje: 735 bruttotonnregister, 231 nrt
Daudvekt: 52 tonn
Lengd: 41,75 m
Breidd: 12,50 m
Djupgang: 4,02 m
Dekk: 4
Installert effekt : 3152 bhk
Framdrift: 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 38 knop
Passasjerar: 358 passasjerar

MS «Sleipner» var ein katamaran, bygd hjå Austral Ships, Pty Ltd i Australia i 1999 for HSD Sjø saman med systerskipet MS «Draupner».

Båten var 42 m lang, 12,5 m brei. Byggekostnaden var 50 millionar kroner.[1] På andre dekk var det plass til 45 passasjerar i røykesalongen og 136 passasjerar utanom det. Tredje dekket hadde 26 plassar i VIP-salongen og 152 plassar til utanom. I alt hadde fartøyet sertifikat for 358 passasjerar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet ankom Bergen som dekklast 6. mai 1999 og vart innført i Skipsregisteret 19. august same året. Dagen etter var det dåpsseremoni i Bergen og den 25. august 1999 gjekk jomfruturen til Stavanger. «Sleipner» gjekk så i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.

Den 26. november 1999 grunnstøytte MS «Sleipner» i dårleg vêr på Bloksene ved Ryvarden fyr i Sveio kommune i Hordaland på grunn av feilnavigering. Fartøyet sokk og 16 personar omkom, inkludert éin frå mannskapet. 69 personar vart redda av kring ti-tolv fartøy som kom til unnsetning. Kapteinen vart sidan dømd til seks månader betinga fengsel for aktløyse, medan reiarlaget vart frikjend.[2]

I mars 2000 vart baugpartiet heva av dykkarfartøyet «Regalia», medan eit forsøk på å heva skroget vart avbrote.[1] I august same året vat skroget heva av «Eidelift 2» og frakta til Aker StordLeirvik. I 2001 vart det frakta til Høylandsbygd, før det i juli 2004 vart frakta til HanøytangenAskøy for opphogging.[1]

Ruter i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • 25. august 1999 - 26. november 1999: Flaggruten (Stavanger - Bergen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kat. "SLEIPNER" 1999». Skipsarkiv Rogaland. Henta 22. april 2019. 
  2. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]