MCG+12-02-001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av MCG+12-02-001. Den nedste galaksen kan likna ein vulkan der galaksekjernen utgjer toppen.

MCG+12-02-001 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 200 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kassiopeia. Galaksane er ekstremt deformerte, og den eine galaksen har form som ein vulkan der galaksekjernen utgjer toppen. Systemet er lyssterkt i det infraraude og skin der med ein intensitet hundre milliardar gonger sola sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]