METAR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

METAR er ein spesiell kode for vêrobservasjonar frå ein flyplass, og står for Meteorological Aerodrome Report. Desse vert brukte av flypilotar, hovudsakleg som ein vêrbrief før dei tar av. Dei vert òg brukte av meteorologar som nyttar informasjonen til å varsle vêret. Rapportane kjem vanlegvis ti minutt på kvar heile time, og ofte også ti minutt før kvar halve time. Om vêrsituasjonen skulle endre seg drastisk kan dei i tillegg sende ut oppdateringar kalla SPECI. Koden vart internasjonalt innført i 1968 og har vorte modifisert fleire gonger sidan.

Ein typisk METAR-rapport inneheld data om vind, sikt, ev. rullebanesikt (RVR), vêrfenomen, skydekke, skyhøgd, temperatur, doggpunkt, lufttrykk, lyn og anna tilleggsinformasjon som er av interesse for pilotane eller meteorologane.

I tillegg kan det leggast ved eit korttidsvarsel kalla TREND eller landingsvarsel på slutten av ein METAR for å vise til viktige vêrendringar dei neste to timane etter ein observasjon. Desse er om lag på same formatet som ein TAF (Terminal Aerodrome Forecast).

Internasjonal METAR-kode[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk METAR-kode er litt annleis enn World Meteorological Organization sin, som ein brukar i Noreg.

Stasjons-ID[endre | endre wikiteksten]

METAR-koden byrjar med ein stasjons-ID på fire bokstavar etter ICAO (International Civil Aviation Organization) sine flyplasskodar.

Døme: ENBR som er Bergen eller Bergen lufthamn, Flesland

Observasjonstidspunkt[endre | endre wikiteksten]

Format: ddttmmZ

  • dd - dag i månaden
  • ttmm - time og minutt i rapporten.
  • Z - indikerer Zulu tidsone, eller UTC-tid.

Døme: 222150Z - klokka 21:50Z den 22. i månaden.

Vindstyrke og retning[endre | endre wikiteksten]

Format (ein av fire):

  1. dddffKT
  2. dddffGffKT
  3. dddffKT dddVddd
  4. VRBffKT
  • ddd - vindretninga runda av til næraste ti grader. 90 grader vert skriven 090.
  • ff - midla vindfart siste ti minutt i knop (KT). (Dersom vindretninga har endra seg minst 30gradet og/eller vindfarten har endra seg minst 10KT skal i staden 2 minutts vind nyttast)
  • Gff - vindkast, viss vindkastet er meir enn 10 knop kraftigare enn vindfarten.
  • dddVddd - Viss vindretninga har variert minst 60 grader i midling bolken og vindfarten er større enn 2 knop. Vindretningane er gjevne i rekkefølgje med klokka, t.d. 23013KT 210V250
  • VRBff - Viss vindretninga varierer og vindfarten er mindre enn 2 knop, t.d. VRB02KT
  • Også dersom vindretninga varierer med over 180 grader skal VRBff nyttast t.d. VRB10G35KT
  • Om det er vindstille vert det skrive 000000KT

Døme: 36023G33KT - Vind frå 360 grader (nord), vindfart på 23 knop med vindkast på 33 knop.

Horisontal sikt[endre | endre wikiteksten]

Format: VVVV, VnVnVnVnDv

  • VVVV: Den framherskande horisontale sikta i meter.

Framherskande sikt er den siktverdien som kan nåast eller vert overskriden i minst halvparten av sirkelen horisonten rundt. Områda kan omfatta samanhengande eller ikkje samanhengande sektorar. Dersom sikta er meir enn 10 km vert 9999 brukt.

  • VnVnVnVn. Den dårlegaste sikta i meter.
  • Dv: Gjev retninga med lågast sikt, og vert skriven som ein av dei 8 kompassretningane (N, SW osv.)

Er minstesikta under 1500m, eller 50% dårlegare enn den framherskande sikta, eller sikt meldt til 9999 medan minimumsikt er under 9999, skal også minstesikta takast med. På minstesikt skal kompassretninga mot den lågaste sikta vera med (eks.: N, NE, SW).

Rullebanesikt[endre | endre wikiteksten]

Format: RDRDR/VRVRVRVRi eller RDRDR/VRVRVRVRVVRVRVRVRi

  • RDRDR seier kva rullebane det gjeld. Første bokstaven gjev kva rullebane det gjeld viss det er parallelle rullebanar (R, C og L som er høgre, midtre eller venstre rullebane)
  • VRVRVRVR er rullebanesikta i meter. Viss sikta varierer mykje vert både minimums- og maksimumsverdiar brukt, separerte med V.
  • i: Om sikta vil endre seg indikert ved D (vert lågare), U (vert høgare) eller N (inga endring)

Døme: R10/1000V1800D. Rullebanesikta på høgre rullebane 10 er 1000 m i eine retninga og 1800 m i andre retninga, men vert lågare.

Noverande vêr[endre | endre wikiteksten]

Format: w′w′

Skildrar vêret på flyplassen i observasjonstidspunktet, og består av følgjande komponentar:

Intensitet[endre | endre wikiteksten]

Indikerer nedbørsintensitet.

  • − indikerer lett
  • ingen teikn framfor indikerer moderat
  • + indikerer kraftig, tett eller velutvikla
  • VC indikerer at vêrfenomenet er observert i området (innan ein radius på 16km), men ikkje på flyplassen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skildrar nedbøren.

  • MI: Grunn (om skodde lågare enn 2m på land og 10m på sjø/hav)
  • BC: Flak (om skodde)
  • PR: (om skodde som dekkjer delar av rullebana)
  • DR: Drev,- (DRSN =snø drev lågare enn 2m)
  • BL: Fokk,- (BLSN = snøfokk høgare enn 2m)
  • SH: Byer
  • TS: Torevêr innan siste 10 minutt
  • FZ: Underkjølt

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Gjev type nedbør.

  • DZ: Yr (Dropar mindre enn 0,5mm i diameter)
  • RA: Regn(Dropar mellom 0,5mm og 6mm)
  • SN: Snø
  • SG: Kornsnø (svært små iskorn danna av sky- eller yr-dropar som er frosne saman)
  • IC: Iskrystallar danna i kaldt vêr ved at vassdampen "sublimerer" d.v.s. går rett over til iskrystallar utan å gå via skyer.
  • PL: Iskorn Regndropar frosne til iskorn opp til 5mm diameter,-gjerne med ei blære vatn inni.
  • GR: Hagl På enkelte hagl over 5 mm
  • GS: Hagl Alle hagl mindre enn 5mm og for sprøhagl
  • UP: Ukjend nedbørtype,-(Berre for automatstasjonar)

Sludd vert skriven SNRA eller RASN.(SNRA når det er mest snø og RASN når det er mest regn)

Siktnedsettande[endre | endre wikiteksten]

Gjev årsaka til nedsett sikt

Andre[endre | endre wikiteksten]

Døme: -RA BCFG BR - Lett regn, tåkeflak (område med sikt mindre enn 1000 m) og elles disig.

Skyer[endre | endre wikiteksten]

Format: NsNsNshshshs eller VVhshshs eller SKC eller NSC.

  • NsNsNs: Skydekke. Ein av følgjande:
    • FEW: Few (1/8–2/8) (=frå den minste skydott til 25% av himmelen)
    • SCT: Scattered (3/8–4/8)
    • BKN: Broken (5/8–7/8)
    • OVC: Overcast (8/8) (100%)
  • VV: Det er ikkje mogleg å sjå himmelen (t.d. på grunn av tåke eller snø)
  • hshshs: Høgda opp til undersida på skya eller skybasen eller den vertikale sikta (VV) i talet på hundre fot over bakken. Viss høgda ikkje er målt, vert /// brukt i staden.
  • SKC: Klår himmel
  • NSC: Ingen signifikante skyer. Viss det ikkje er skyer under 5000ft (eller lokal grense på den enkelte flyplassen) og ingen cumulonimbus i noka høgd.
  • NCD: Ingen skyer registrert (brukt i automatiske observasjonar)

Viss eit skylag har cumulonimbus eller godt opptårna cumulus, vert CB eller TCU brukt etter skybasehøgda.

Døme: FEW010 SCT020CB BKN070 - 1-2/8 skyer i 1000 ft, 3-4/8 skydekke i 2000 ft med CB-skyer og 5-7/8 skydekke i 7000 ft.

CAVOK[endre | endre wikiteksten]

CAVOK står for «Ceiling and visibility OK» som erstattar gruppene for sikt, vêr og skyer viss følgjande vilkår er oppfylt:

  • Sikta er 10 km eller meir rundt heile horisonten.
  • Ingen skyer under 5000 ft (eller andre lokale grenser på den enkelte flyplassen)
  • Ingen cumulonimbusskyer (CB)
  • Ingen signifikante vêrfenomen

Temperatur og doggpunkt[endre | endre wikiteksten]

Format: T′T′/T′dT′d

  • T′T′: Temperaturen runda av til næraste heile grad i Celsius.
  • T′dT′d: Doggpunktet runda av til næraste heile grad i Celsius.

Minusgrader vert skrive med ein M føre temperaturen.

Døme: 04/M02 - temperatur på 4 °C og doggpunkt på -2 °C.

Lufttrykk[endre | endre wikiteksten]

Format: QPHPHPHPH

  • PHPHPHPH: Midla lufttrykk i havnivå (QNH). I enkelte land som USA og Canada vert trykket gjeve i tommar og hundredelar. I slike rapportar vert forstavinga Q erstatta med A.

Døme: Q0996 - lufttrykk midla til havnivå på 996 hPa. QNH vert alltid runda av nedover til næraste heile hPa.

Nyleg vêr[endre | endre wikiteksten]

Format: REw′w′

Same kodane som for noverande vêr.

Døme: RETSRA - indikerer at det har vore torevêr med regn sidan førre observasjon men maks for ein time sidan.

Vindskjer[endre | endre wikiteksten]

Vindskjer = Rask endring i vindstyrke og eller retning.

(Observert frå fly ved landing/letting under 1600ft)

Format: WS RWYDRDR eller WS ALL RWY

  • DRDR: Namn på rullebane. RWY tyder «runway»

Døme: WS RWY11L - indikerer vindskjer på rullebane 11L.

Sjøstatus[endre | endre wikiteksten]

Sjøtemperatur og bylgjer Sjøtemperaturen i heile grader C "Signifikant" bylgjehøgde etter tabell der kodetal 0 er spegelblank sjø og kodetal 9 er over 14M Døme i ein METAR : W12/S6 Tyder at sjøtemperaturen er 12 gr C og signifikant bølgjehøgd er mellom 4 og 6 meter

Rullebanestatus[endre | endre wikiteksten]

T.d. Koda melding samansett av 8 tal når rullebana er dekt av is eller snø

Trend[endre | endre wikiteksten]

Bruker følgjande forkortingar i lag med andre komponentar nemnd ovanfor.

  • BECMG: Becoming - blir
  • TEMPO: Temporarily - av og til (Maks 1 time)
  • NOSIG: Ingen signifikante endringar er venta dei neste to timane
  • AT: ved
  • FM: frå
  • TL: til

Døme: BECMG -SHRA SCT025CB TEMPO 4000 SHRA SCT010 BKN020CB - vêret dei neste to timane blir lette regnbyer, Halvskya i 2500 ft med cumulonimbus (CB), av og til sikt på 4000 m med moderat regnbye halvskya i 1000 ft og skya med CB skyer 2000ft.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

RMK er andre meteorologiske tilleggsinformasjon gjeve etter nasjonale retningsliner. Gruppa vert alltid innleia av bokstavane RMK. Den vert etterfølgt av andre komponentar nemnd ovanfor og andre forkortingar.

Døme: RMK WIND 850 FT 29015 KT - merknad: vind i 850 ft er 15 knop frå retning 290 grader.

Døme på fullstendig METAR-kode[endre | endre wikiteksten]

Denne er henta frå Bergen lufthamn (Flesland)

ENBR 220120Z 09006KT 050V120 9999 9000W FEW010 SCT020TCU BKN040 07/M00 Q0984 VCSH=

22. i månaden kl. 0120Z. Vindstyrke 6 knop frå 90 grader (aust), men vindretninga har variert frå 50 til 120 grader siste 10 minutt. Sikt meir enn 10 km. Skydekke 1-2/ 1000ft, 3-4/8 av skytype TCU og 5-7/8 4000ft. Temperatur 7 °C og doggpunkt 0 °C. Lufttrykk (QNH) 984 hPa. Det er ei bye innan 16KM frå plassen.