MF «Bømlo» (1972)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bømlo(1995).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Herdla»
Eigar: Rutelaget Askøy-Bergen
Verft: Løland Motorverkstad AS i Leirvik i Sogn
Verftsnummer: 31
Sjøsett: 1972
Heimehamn: Kleppestø/Bergen
Kjennemerke: LIWK
IMO-nummer: 7228194
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 871 bruttotonnregister, 496 nrt
Lengd: 65,99 m
Breidd: 12,27 m
Djupgang: 3,05 m
Installert effekt : 1500 bhk
Framdrift: 6 cyl. 2T DM (Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset)
Fart: 13 knop
Passasjerar: 399 passasjerar
Bilar: 73[1] køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Ladejarl»
Eigar: Fosen Trafikklag
Kjøpt: Juni 1984
Heimehamn: Trondheim
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 860 bruttotonnregister, 258 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bømlo»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap, seinare Norled
Kjøpt: Mars 1996
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ommåling i 1996
Tonnasje: 1206 bruttotonnregister, 356 nrt

MF «Bømlo var ei bilferje bygd i 1972 for Rutelaget Askøy-Bergen A/S som MF «Herdla». Ferja vart seld til Danmark for opphogging i 2014.

Historie[endre | endre wikiteksten]

MF «Herdla» var byggnummer 31 ved Løland Motorverkstad AS i Leirvik i Sogn. Ved overlevering var tonnasjen 871 bruttoregistertonn og 496 nettoregistertonn. Hovudmaskinen er ein sekssylindra totakts dieselmotor bygd av Wichmann Motorfabrikk ASRubbestadneset.

Ferja byrja som ei «Askøyferje» som gjekk i rute frå Bergen til KleppestøAskøy frå 1972 til 1984. Det året vart ho seld til Fosen Trafikklag, som sette ho i ruta Sunde-Hemnskjel-Jøstenøya på Hitra med namnet «Ladejarl». Her gjekk ho i ti år fram til 1994. Etter er nokre år som reserverferje, vart ho seld til HSD, som gav ho namnet «Bømlo». Ho gjekk då i forskjellige ruter i Sunnhordland og Hardanger, mellom anna fire år i sambandet Halhjem-Våge på midten av 2000-talet, før ho vart reserverferje.

Etter eit motorhavari i 2014 vart ho seld til Danmark for opphogging.

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]