MF «Bergensfjord»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergensfjord på veg over Bjørnafjorden.
Baugen på Bergensfjord
Bergensfjord ein kveld i april

M/F Bergensfjord er ei bilferja som vart bygd av Aker YardsSunnmøre og var ferdigstilt i 2006. Ferja var ei av dei første gassdrivne ferjene som vart sette i trafikk i Noreg, og vart bygd for Fjord1 Fylkesbaatane og sett inn i ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg i januar 2008.

«Bergensfjord» vart levert til Fjord1 21. november og døypt i Florø av samferdselsminister Liv Signe Navarsete 21. november 2006.

Skroga til ferjene vart bygde i Romania. Ein flaum bydde på problem i Romania og skroga vart forseinka, og ferjene var difor ikkje klare til 1. januar 2007, då Fjord1 skulle ha teke over ruta. «Bergensfjord» vart sett i trafikk 8. januar. Seinare vart systerskipa M/F «Fanafjord» og M/F «Raunefjord» sette inn i sambandet, og M/F «Stavangerfjord» og M/F «Mastrafjord» i Arsvågen-Mortavika.

«Bergensfjord» sette verdsrekord for eittskrogs pendelferjer i Byfjorden i Bergen med 23,5 knop. Marsjfarten er 21 knop.

Teknisk informasjon[endre | endre wikiteksten]

RRM Bergen KVGS-16G4, 4747 brutto hk x2
RRM Bergen KVGS-12GA, 3554 brutto hk x2
Scania Nogva DI16/HCM-534F1, 603 brutto hk x3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]